tirsdag 30. september 2008

4. Januar.

4. jan.

Kjære Gud! I dag ber eg mest for Kina og Hong Kong. Vil du velsigna misjonærar og lokale arbeidarar der! Må arbeidet lukkast og dei sjølv leva heilagt etter Din vilje, Gud. Dei har også freistingar til synd og sløve hjarto. Vil du ta deg av dei nå.


Og så ber eg for alle kristne i Kina, særleg på dei felta der norske misjonærar ein gong var. Takk for at eg fekk vitja nokre av dei byane ein gong, og kjenna ånda i forsamlingane og mellom dei kristne. Takk for at eg fekk koma til Kina i år 2000 og møta nokre av dei kristne der.


Nå ber eg om at du må hjelpa kvar ein, la dei sjå inn i evangeliet og få rett kunnskap i hjarta om forsoning og nåde. Då kan dei byggja sitt liv på deg, Herre, og ikkje på eigne gjerningar eller kjensler. Å, om dei verkeleg fekk fast grunn under føtene. Då vil dei stå sterke i storm og motgang om det skulle koma – og unngå vranglære og uklåre forkynnarar. Herre, er ber om det.


Lat dei også få visdom i hjarta. Særleg gjeld det forkynnarar og prestar, at dei må tala rett og sant og føra folk til liv i Gud og ikkje berre vera kristne i namnet og teorien. Velsigne kvar by og område. Hald borte strid og uro, og lat dei elska kvarandre og gå i dine fotspor, Jesus. Lat oss få møta dei i din himmel.

Amen.

mandag 29. september 2008

3. Januar.

3. jan.

Bøneemnet i dag må vera reiserutene i misjonsarbeidet. Alle predikantar skal ha ei rekkje møte dette året også. Og me veit at me ikkje kan ta eit einaste møte eller samvær i eiga kraft. Eg kjenner det så sterkt stadig, at før og under møta er eg så uendelege fattig. Det skrik i sjela etter kraft og ord frå DEG. Så kjem anklagen etterpå, eller ei falsk og fårleg kjensle av at det har lukkast. Den tanken kan vera eit bedrag og sendt av Djevelen.


Nå ligg ei ny rute på bordet for så mange misjonærar og preikarar. Framover vinteren og våren skal mange møte haldast, og på kvart møte skal me ha noko å gi. Herre, Allmaktens Gud, vil du reinsa ditt ringe kar som skal våga seg ut i tenesta dette året også.


Kom med di Ånd og Kraft på kvart møte. Lat det ikkje bli menneskeverk og mine ord, men ein bodskap frå DEG. Elles vil jo alt vera til fånyttes og ingen får åndeleg mat for sjela si.

Difor legg me alt i di hand nå. Amen.

2. Januar.

2. jan.
I dag vil eg be for svigerfamilien min. Du kjenner dei alle saman, nær og fjern. Nokre synes å vera så langt borte frå Deg, Herre. Men kva veit eg? Kanskje dei har djupare tankar om åndelege ting enn eg skjønar og ser. Me veit så lite kva som skal til for å vekkja dei som søv og føra dei inn i syndsforlatinga for Jesu skuld.

Eg vil be for dei, og for dei unge og små i denne familien også. Kanskje dei kan brukast i vitnetenesta for deg? Og dei som er gamle i familien ber eg for. Gi dei eit lyst sinn så dei vert takksame for det dei alt har. Det er einsamt for dei gamle, dei har liksom mist kontakt med verda og folket.

Nokre er alt heime hjå deg. Vil du venda tanken til alle dei andre mot himmelen, og dei går den vegen du har skapt og ikkje sin eigen. Vil du arbeida med kvar og ein.

Takk for nåden din og frelsa. Alt er gåve frå deg. Amen.

1. Januar.

Nyttårsdag. 1. jan.
I dag vil eg særleg be for mi slekt. Eg tenkjer på nokre av dei som verkar så harde og kritiske. Herre, vil du arbeida ekstra med dei. Dei er snille avf natur og mjuke i sinn. Men det hjelper ikkje når motstanden mot deg er stor. Herre, eg bed at dei MÅ bli frelste.

Og dinest ber eg for borna og dei unge i familien, dei ser så framande ut for dine løyndomar. Send ein reiskap i vegen deira som kan nå inn til hjarta om omvending og frelse. Og småborna - kva får dei høyra om Guds rike? Nokre verkar så avskjerma frå ditt rike. kanskje må du ta hardt i for å vekkja dei opp?

Eg ber og for syskenborna våre og vidare utover. Herre, vår von er til deg. Du døydde for alle og vil at alle skal nå din himmel. Me ropar til deg før det er for seint! Lat dei få del i den nåden som du har. Berre det kan hjelpa dei. Amen.