tirsdag 30. september 2008

4. Januar.

4. jan.

Kjære Gud! I dag ber eg mest for Kina og Hong Kong. Vil du velsigna misjonærar og lokale arbeidarar der! Må arbeidet lukkast og dei sjølv leva heilagt etter Din vilje, Gud. Dei har også freistingar til synd og sløve hjarto. Vil du ta deg av dei nå.


Og så ber eg for alle kristne i Kina, særleg på dei felta der norske misjonærar ein gong var. Takk for at eg fekk vitja nokre av dei byane ein gong, og kjenna ånda i forsamlingane og mellom dei kristne. Takk for at eg fekk koma til Kina i år 2000 og møta nokre av dei kristne der.


Nå ber eg om at du må hjelpa kvar ein, la dei sjå inn i evangeliet og få rett kunnskap i hjarta om forsoning og nåde. Då kan dei byggja sitt liv på deg, Herre, og ikkje på eigne gjerningar eller kjensler. Å, om dei verkeleg fekk fast grunn under føtene. Då vil dei stå sterke i storm og motgang om det skulle koma – og unngå vranglære og uklåre forkynnarar. Herre, er ber om det.


Lat dei også få visdom i hjarta. Særleg gjeld det forkynnarar og prestar, at dei må tala rett og sant og føra folk til liv i Gud og ikkje berre vera kristne i namnet og teorien. Velsigne kvar by og område. Hald borte strid og uro, og lat dei elska kvarandre og gå i dine fotspor, Jesus. Lat oss få møta dei i din himmel.

Amen.

Ingen kommentarer: