søndag 5. oktober 2008

16. Januar.


16. jan.
I dag vil eg be for Israel – framfor alt at Guds rike må koma til dette folket, at det må bli til åndeleg frelse for dei og ikkje berre til ei nasjonal berging. Herre, vil du leia politiske og religiøse leiarar slik at dei styrer etter din plan. Eg veit at dei er ditt utvalte folk, Gud. Det var dei i GT-tida også, men dei handla ofte galt. Dei synda og styrte feil etter sin menneskelege tankegang.
.
Likevel såg du i nåde til dei. Du viste dei miskunn og berga dei frå fiendar, sjølv om du måtte tukta dei gong etter gong. Du er alltid nådig og gir oss ein ny sjanse. Det har du vist i historia, og det vil du gjera i framtida og. Men om du må tukta folket og dei som styrer, vil eg be om at dei må få sjå di hand i det som skjer, også det som ikkje smakar for dei. Lat Israel sjå at du berre vil die vel i det du sender. Og gi folket tankar om at det var ditt folk som fødde fram Messias, og at Jesus frå Nasaret verkeleg er han som du sende til frelse for folk og land.
.
Takk for min del, Herre, for alle dei nye sjansar eg har fått i livet. Gi det til Jerusalem også. Så vil eg be for alle min eog våre vener, nære og kjende, i dag. Hald dei som trur oppe i dag og hjelp kvar og ein til å tru på deg i liv og død. Og kall på dei ufrelste. Gi dei livet i deg. Noko større veit eg ikkje å be om for dei. Amen.
.

Ingen kommentarer: