søndag 5. oktober 2008

13. Januar.

13. jan.

”Lat namnet ditt helgast,” sa du. På gammalt bokmål står det slik: Helliget vorde ditt navn. Det er ei sterk bøn i dag. Ditt namn er du sjølv slik du stig fram i verda. I deg sjølv er du alltid heilag, og det lovar me deg for. Men det er langt frå sant mellom folket. Difor vilø eg be i dag at du må bli stor og stiga fram mellom folket som den heilage og reine. Slik at folk ser du er Gud i sanning.


Eg har sett og høyrt ofte at mange ikkje helgar namnet ditt. Til og me ganske små born-. Dei bannar og snakkar stygt utan å tenkja på kva dei gjer. Difor ber eg at du må tilgi dei og læra dei å tala rett.


Eg skulle æra deg meir i dagleglivet mitt, og på møter og på talarstolen. Det er så mykje ureint i livet mitt som skjemmer ut ditt namn og ikkje er til ære for deg. Det ber eg også om tilgjeving for i dag og. Og så ber eg om å bli betre i dette å æra deg. Det er så vanskeleg i ei verdsleg verd og ei vond tid.


Difor, Herre, Du må læra meg meir av dette, ikkje berre å be bøna men og å leva etter den, når du sa: Lat namnet ditt helgast. Lat det bli heilagt for meg og i meg og ved meg. Det ber eg om i Jesu namn. Amen.

Ingen kommentarer: