mandag 6. oktober 2008

25. Januar.

25. jan.

I dag er bøna dette: Før meg ikkje ut i freisting. Men korleis kan eg tenkja slik at du vil freista meg? Nei, du vil nok aldri freista nokon til synd og vondt. Det seier ordet ditt, og det bilete har eg av deg frå det eg har lese der.

.

Men du tillet det gjerne og prøver oss menneske om trua er sann og ekte og rett. Det har du alltid gjort, om ikkje så sterkt som du prøvde Abraham då du bad han å ofre den einaste sonen sin. Det var ei sterk prøving. Hjelp meg i slike stunder til å krypa inn til deg og leva der.

.

Men eg kjenner ein verkeleg freistar, djevelen. Skulle eg møta han på ein særleg måtre i dag, ber eg om stor kraft og nåde til å stå i striden. Kor det har skada di sak og ditt folk at dine tenarar nokre gonger synda grovt med vitande fri vilje.

.

Herre, lat meg ikkje gjera det. Gå ved mi sida og vern meg slik du gjorde så lenge med Job – på alle kantar, sa Satan. Det var eit fint vitnemål om deg. Eg har heller ikkje kraft sjølv og heller ikkje god og sterk nok karakter. Difor treng eg alt.

.

Stå meg bi i dag og styrk mi svake tru. Så legg eg dagen i di hand og trur på deg. Amen.

Ingen kommentarer: