mandag 6. oktober 2008

30. Januar.

30. jan.

Og æra er di,” sa du i bøna.

.

Herre, det må eg aldri gløyma, og aldri gi etter for freistinga til å ta litt eller mykje av æra sjølv. For du gir ikkje æra til nokon. Du skal ha alt. Det er du verd. Gode Gud, vil du hjelpa meg til dette kvar dag.

.

Det er så lett å ta ære sjølv, og det har hindra meg. Og det ber eg om nåde for. Ditt rike går visst berre fram der du står att åleine med all ære og takk. For det er ditt verk, alt saman. Eg ser det.

.

Difor er eg redd nokre gonger når folk takkar ekstra mykje. Som menneske skal me takka kvarandre, men det kan så lett gli over i tanken om at me har gjort det. Det var god organisering som gjorde møta gode. Det var vakker og god song som skapte stemning og ”ånd”. Utan at alle skjønar det, kan det bli ære til menneske og ikkje til Deg, Gud. Tilgi oss for det.

.

Så ber eg om at du får all ære for møta. Lat det ikkje vera noko att til oss. Me må berre arbeida i tru og gå fram på den måten. Vil du stiga inn til og i folket, gjera store under så ditt namn blir stort mellom oss. Å, Gud la det skje! Når folk blir frelst, blir du æra. Når me lever reint og heilagt, blir du æra. Når riket ditt går fram i alle land, skjer det. Difor ber eg om dette.

Ingen kommentarer: