mandag 6. oktober 2008

29. Januar.

29. jan.

I bøna la du til dette: ”Og makta er di.”

Og denne bøna var det me skulle be. Me skulle seia og erkjenna og vedgå at all makt tilhøyrde Gud i himmelen. Og all denne makt i himmel og på jord fekk du Jesus av Gud. Det sa du då du gav misjonsbodet til dine vener, Mat. 28, 18. Det kunne han gi deg av di han hadde denne makta. Og du Jesus og Gud er eitt, sa du ein gong.

.

Slik det alltid vore og slik er det nå. Du har all makt. Du er skapar og har sett alt i verk. Det vil eg takka deg for i dag. Me treng aldri tvila på at du kan alle ting og kan gripa inn når du ser det er naudsynleg. Det vil me og takka deg for. Det er slett ikkje alltid me ser og skjønar kva som er best og kva tid det må skje. Men du ser det. Difor overlet me alt i di hand.

.

Herre, lat det bli slik at me alle arbeider slik at me reknar med di kraft og ikkje våre planar. Vil du læra oss å leggja slike planar at du kan velsigna dei. Og læra oss å be om dine råd før me planlegg. Me kan ikkje venta di velsigning over det me sjølv vil, viss det ikkje er etter din vilje. Så bøyer me oss for dette i dag, og ærar deg også for di makt. Amen.

Ingen kommentarer: