søndag 5. oktober 2008

21. Januar.

21. jan.

Denne dagen vil eg be for dei som driv misjon i vårt eige land. Det gjeld dei som kallar seg indremisjon, og det gjeld alle som har eit evangelisk arbeid i vårt eige land. Det er ei stor misjonsmark nå.

.

Forkynninga på bedehusa har i eldre tid oftast vore klår og bibelsk. Du fekk din vilje med mange som reiste kring i landet med bodskapen om frelse. Og dei tala ofte om eit rett liv som kristen også. Mange gonger var det ei sterk åndsmakt over møta i bedehuset. Det var som eit lys i bygda og ein misjonsstasjon i området.

.

Framleis er det nokre små og større grupper kring i landet som samlast om ditt Ord. Dei ber om vekking og fornying og ynskjer så inderleg at noko må henda i deira bygd. Ikkje alle av dei ser lenger enn til sine eigne og si bygd. Men det er deira kall og det vil dei vera tru i å vera eit vitne der dei er.

.

Vil du halda dei fast i trua og i tenesta. Lat dei få sjå at så lenge det er lys på bedehuset, er det og eit vitnemål om deg. Det talar om at nokon høyrer deg til og treng di hjelp i liv og død. Og lat dei og oss alle halda fast på Ordet ditt som den rette vegvisar mot ditt rike. I fråfallstider kan det vera vanskeleg. Men du har framleis all makt. Takk skal du ha for det. Amen.

.

Ingen kommentarer: