onsdag 1. oktober 2008

5. Januar.

5.

Predikantane i vårt eige land og dei me kjenner best skal me leggja i Guds hand i dag. Det gjeld og dei mange friviljuge lekpreikarane. Eg kjenner på dette sjølv – me står i ein utsett ”jobb”. Me har ofte lite folk på møta, og eg ber kvar kveld eg køyrer til møtet at folk må koma.


Det er ikkje berre enkelt å ringa til folk eller gå på dørene i dag og innby. Du Gud veit betre enn eg at det må vera Anden som kallar og driv dei til møta og til omvending. Det kan ikkje eg gjera. Og du ser og kor travelt folk har det. Om dagen er dei på arbeid og i kveldinga et dei middag og kviler.


På vanlege møte har me då lite folk og mange gonger ingen ufrelste. Det slit eg med. Dei jordiske ting har slik makt over folket, dei har ikkje tid og krefter til noko anna. Herre, du må stansa folket i løpet, kanskje må du bruka harde middel. Dei skjønar ikkje at du viser dei godleik for at dei skal omvenda seg. Folk misbrukar dine rikdomar til egoisme.


Hjelp meg at ikkje eg gjer det, men er nøysam – som det står i di bok. For me som talar Ordet går heller ikkje fri freistinga frå verda. Hjelp oss alle som talar, at me lever og lærer rett, har glød og varme og eld i oss. Vil du gi ein bodskap til kvart møte, ord å gå med. Ord som vekkjer og varmar, frelser og gjer heilag.


Eg veit at det eg gjer ikkje er nok og brukbart i ditt arbeid. Vil du herre gi det eg og alle andre predikantar treng dagleg. Amen.

Ingen kommentarer: