mandag 13. oktober 2008

Desember - bøn.

Bønnebok – desember

1.12.

Gode Gud.

.

I ei av sine botsbøner ber David slik: Difor, lat kvar trugen be til deg den tid du er å finna. Sanneleg, når store vassflaumar kjem, til han skal dei ikkje nå. Salme 32, 6.

.

Han har nett fortalt om si eiga omvending. Lenge gøymde han synda og seg sjølv for Gud. Så kom dagen då han sanna synda for deg og skjulte ikkje noko. Då tok du bort skulda og gav han fred.

.

Då seier han: Slik må alle gjera. Nå. Før det blir for seint. Be om frelse og fornying og hjelp når me har synda.

.

I dag legg eg først mitt liv framfor deg. Takk for at du har tilgjeve i alle år. Finn du noko i dag som ikkje er av deg, ta det bort og tilgi. Og eg ber for alle våre, dei som kallar seg dine. Vil du reinsa og frelsa frå det som kanskje skjemmer ut. Og heile vårt kristenfolk legg eg for deg. Me har synda og ikkje vore som me skulle. Me har vore dårlege lys og vitne for deg.

.

Vil du reinsa oss endå ein gong, og kalla nye, sterke vitne ut i tenesta. Lat oss endå ein gong sjå og kjenna vekkingselden. Amen.

.

2.12.

David seier slik: ”Med skremmelege gjerningar bønhøyrer du oss i rettferd, du Gud, vår frelsar. Du er ei livs for alle endane på jorda og for havet langt borte.” Salme 65, 6.

.

Du bønhøyrer oss. Den vissa gir du alle Guds born, trur eg. Svaret har du klart. Men ikkje kjem det slik me vil eller på den måten me vil. Nokre gonger er det skræmeleg. Me skjønar det ikkje og trudde ikkje det skulle koma slik. Men det var du som tala i stormen.

.

Det var alltid i rettferd du tala. Korleis enn svaret blei var det rett og til det beste for alle totalt sett.

.

Nei, eg ser det ikkje så klårt alltid, men får tru det. Ordet seier det er slik. Hjelp også meg å sjå at det er rett når eg synes det ber galt av stad.

.

I alt er du ei livs – for alle, fjern og nær. Du tek deg av dine, og du vil at alle skal koma inn i din nærleik der det er så trygt.

.

Herre, lat våre få ein plass der. Og mange andre. Amen.

3.12.

Kjære Jesus.

.

Ein salmist avsluttar ein salme slik: ”Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn frå seg, og ikkje tok frå meg si miskunn,” Salme 66, 20.

.

Ein viktig grunn til lovsong var at bøna nådde fram til deg. Du viste ikkje bøna frå deg, men tok imot det eit angrande menneske hadde å koma med. Ofte var det naudrop og bøn om hjelp.

Alle kristne har grunn til å prisa Herren for dette. For me har opplevd at me trong hjelp av andre enn menneske. Dei kom til kort. Og så ropa me til deg, og du svara oss frå ditt heilage berg. Det var alltid nåde, for bønesvar er ikkje noko me har krav på.

.

Du tok ikkje din nåde og miskunn får oss. Du gav rikeleg av det du hadde og som du såg at me trong. Det takkar me for, for hjå deg ligg heile vår frelse og redning.

.

Så takk og pris da du store Gud, ha takk for nåden.

4.12.

Herre!

”Bøn av ein arming når han tærest av sakn og auser ut si sorg for Herrens åsyn. Herre, høyr min bøn og lat ropet mitt nå fram til deg.” Salme 102, 1-2.

.

Slik seier salmisten – me veit ikkje kven han er. Men han kallar seg ein arming. I den greske Septuaginta-omsetjinga (LXX) står det han er ein fattig, og den engelske King James i norsk utgåve står: den plagede. Bibelen Guds ord seier det slik: ”Av den anfektede når han er avmektig og utøser sin nød for Herrens åsyn.”

.

Alt dette viser ein som treng deg på ein særleg måte, Gud. Det er ein som har det vondt, og han ber av erfaring. Det kan vera menneskeleg naud eller djup åndeleg krise. Einkvar kristen har opplevd det siste meir eller mindre. Ingen ting kan plaga ein kristen meir enn når tilhøvet til Gud ikkje er klårt. Og du veit det Gud, at der har eg vore.

.

Salmisten ber medan han tærest bort. Slik kjenner me oss i din nærleik når anfektinga veltar inn i sjela vår. Nå auser han ut si sorg og ber om at bøna må nå fram. Når me tviler på det, er me verkeleg i anfekting.

.

Herre, høyr og svar alle slike bøner i dag. Lat alle desse lidande sjeler få lindring. Lat dei merka at du er nær nå og få utløysing. Takk for at eg fekk oppleva det. Amen.

5.12.

Kjære Gud!

I same salme som i går er det ennå eit fint vers som er kjært for meg (mellom dei mange andre). Det er v. 18: ”Han skal venda seg til bøna frå dei hjelpelause, deira bøn skal han ikkje vanvørda.”

.

Hjelpelaus kjenner eg meg alltid, særleg i din vingard. Eg går på talarstolen med skjelvande kne og hender og hjarta. Det bivrar i meg såm eg har vanskar med å hugsa og seia det eg skal. I samtale med folk kan eg lite. Korleis kan me tolka dei evige sanningar?

.

Då er det godt å lesa desse orda: Han skal ikkje venda seg frå mi bøn. Nei, den treng ikkje vera fullkomen og fint forma. Du vil stå der med andletet vendt mot meg. Du vil høyra ord og tankar og sjå korleis eg har det.

.

Du skal ikkje vanvørda mi bøn om ho er dårleg og veik. Du ”forsmår” den ikkje, slik det står i ein gamal bibel. Ein annan har omsett det slik: Han hører de fattiges rop, og merker seg deres bønner.

.

Tenk, Herre, at du er slik. Du merker deg også min bønn. Takk for at du er slik.

6.12.

Herre.

David seier slik i ei salme: ”Hjelp oss med di høgre hand og bønhøyr oss, så dei du elskar må verta frelste.”Salme 108, 7.

.

Det er eit fint ord til oss i dag. Han ber om hjelp – og kven treng ikkje det, dagleg og i alle situasjonar.

.

Hjelp oss med di høgre hand! Det er ofte den sterkaste, og står som symbolet på kraft og styrke og arbeid. Og du Gud brukar all di kraft for å hjelpa oss. For du vil så gjerne gi oss alt. Det har eg all grunn til å takka for.

.

David har vore i bøn. Det er tydeleg, for han ber om å bli bønhøyrd. Bøna er vår veg til Guds truna. Me kan gå der alltid og møter aldri stengsel eller får nei. Me veit at du høyrer kvar ærleg bøn, likevel ropar me og ventar på svar.

.

Så seier David: Så dei du elskar må verta frelste. Og me veit at du elskar alle i heile verda, det seier ditt ord. Nå vil me be om det, at alle må høyra og tru seg frelst.

.

Så står det opp til den einskilde, me må svara ja til deg. Lat det bli mange, Gud.

7.12.

Gode Frelsar.

”Lat mi bøn gjelda som eit røykoffer for ditt åsyn! Last mine opplyfte hender gjelda som eit sonoffer om kvelden.” Salme 141,2.

.

Som røyken av offeret steig opp mot himmelen, ber David om at bøna hans må stiga opp til Gud. Det er eit bilete på at bøna må nå fram. Dette er alltid ynskje til alle Guds born, og eg ber om det i dag: Høyr bøna mi, Herre.

.

Me har jo store lovnader frå Herren om at han vil høyra. Og han er trufast mot ordet sitt. Svaret blir alltid i di tid, Gud, og etter din vilje til det ebste for meg og ditt rike på jord. Vil du hjelpa meg i dag til å skjøna det og halda fast på ordet ditt om det.

.

I Openb. Har me lese om at våre bøner vert likna med røykelse som stig opp (Openb. 5, 8 og 8, 3). Når gullskålene var fulle av røykelse, kom bønesvaret over jord. Det er lengten og bøner hjå mange av oss: Er ikkje skålene fulle snart med bøner om vekking og åndeleg liv?

.

Herre, reis opp nye vitne som også vil be om det!

8.12.

Herre.

David måtte gøyma seg i ei hole ein gong, og då bad han til Herren. Det er ei læresalme, står det i Salme 142. I v. 2 seier han der: ”Med mi røyst be eg audmjukt til Herren om nåde.”

.

Kongen er i stor naud og får rekna med deg som si livd mot forfylgjarane. Han er som i eit fengsel og ber om at du må føra han ut. Då skal han prisa deg og ditt namn.

.

Han hadde lært at den som ber, må vera audmjuk og liten og sjå at han er ein syndar for deg.

.

for han ber om nåde. Det er berre den skuldige som ber om det. Og David hadde synda. Alle er syndarar, ingen går fri. Og difor treng me alle nåde.

.

Når han får dette svaret, kan han prisa deg sant og rett. Og det er vår erfaring – som lever med deg og i ditt lys, Herre. Difor ber me denne bøna. Og eg må be at du held meg audmjuk både fore deg og framfor menneske. Eg har så lett for å gløyma det at eg er liten i alt. Vil du vera med meg i dag også. Takk for nåde og fred alle dagar. Amen.

.

9. 12.

Kjære Jesus.

Kong Salomo skriv også litt om bøn i Ordspråka. I kap. 15, 8 seier han t.d. Offer frå gudlause er ein styggedom for Herren, men bøna åt dei ærlege er til hugnad for han.” Han likar slike kontrastar.

.

Men det er fint å høyra dette: Vår bøn er til hugnad for deg. Du har jo bede oss om å be, og me vil venda oss til deg i all vår naud. Det er ditt ord. Og svara etter din plan.

.

Då kan eg gå til deg med frimot. For du har hugnad i det. Bønestunder er etter din vilje. Eg kan ikkje ofra meg til eit godt tilhøve til deg og til frelse. Alt må eg få av nåde for di skuld. Men eg kan be, og du vil høyra og svara etter din plan. Amen.

10.12.

Jesus Kristus!

I dag skal me også minna om eit ord av Kong Salomo. Han skriv i Ordt. 28,9 slik: ”Om nokon vender øyra bort og ikkje vil høyra lova, då er jamvel bøna hans ein styggedom.”

.

Du vil ikkje akta på og høyra ei slik bøn. For lova og ordet ditt er din vilje, Gud, og det er din plan med livet vårt for tid og æve. Difor er det alvor å forakta eller venda oss frå Ordet ditt. Det viser korleis vårt eige indre liv er.

.

Då kan du ikkje høyra. For du vil alltid svara etter din vilje, og den stemmer med Guds ord i Bibelen. Den som vender

.

Difor ber eg igjen: Lat alltid ditt ord vera veg og rettesnor for livet mitt. Hjelp meg å aldri venda øyra bort frå Ordet, og heller ikkje gløyma det.

.

For bøna er min livstråd opp til deg. Den er eit samband som bind oss saman ytre sett. Lat ikkje den rivast av, men alltid halda kontakten.

Amen.

11.12.

Frelsar!

.

Profeten Jesaja skriv om eit heidensk folk: ”Når Moab har møtt fram på offerhaugen og har trøytta seg ut der, og dei går inn til heilagdomen sin for å be, då får dei ingen ting.” Jes 16, 12.

.

Dei var

.

Men dei får ingen ting, seier Jesaja. For dei ber ikkje til ein levande Gud og Frelsar. Dei ofrar og ber til avgudar. Dei er laga av menneske og døde. Dei kan ikkje høyra og har ingen ting å gje sitt folk.

.

Slik er det nok med mange i dag og, både verdslege og religiøse. Dei får ikkje noko, for dei ber ikkje til deg. Dei vil eg be for i dag. Vekk dei, Frelsar, så dei ser kor DU er som KAN svara og frelsa.

.

Så slepp dei å leva livet ut i sjølvbedrag, anten dei er heidningar eller religiøse og falske kristne som bygger si tru på noko i seg sjølv. Må du, Herre, få berga dei også, og føra dei bort frå sin sjølvlaga veg og inn ”på klippens grunn”. Amen.

.

12.12.

Herre!

Jesaja skriv slik ein stad: ”Send nå opp ei bøn for den resten som er att,” Jes 37,4. Sankerib, kongen i Assyria, hadde teke Juda og truga Jerusalem. Kong Hiskia bad profeten å be for folket – for den ”rest” som var att.

.

Herren skulle svara at han skulle venda attende til sitt land og slutta blokaden – alt dette på grunn av eit rykte. Du Herre, ordna det slik.

.

Her er både bøn og svar. Jesaja skulle be for det som var att i Juda, ein rest skulle bli frelst. Slik er det vel ofte, kanskje alltid. Dei fleste går den breie vegen. Få er dei som finn den tronge porten og er viljug til å gå den smale Guds veg. Og mange finn heller ikkje den tronge porten. Herre, du må hjelpa dei og leia dei dit.

.

Men korleis svarte du Gud? På grunn av eit rykte skulle Sankerib slutta krigen, står det. Du svarar på så mange vis. Men det viktige er at du svarer. Og det takkar me for, nå og alltid.

.

13.12.

Gode FADER.

Kong Hiskia låg for døden. Han gret over det og bad om lenger tid. Då sa du gjennom profeten: ”Gå og sei til Hiskia: Så seier Herren, Gud åt David, ættefar din: Eg har høyrt bøna di, eg har sett tårene dine. Sjå, eg legg femten år til alderen din.” Jes. 38, 5.

.

Her gir du oss eit konkret døme på bønesvar om praktiske og private ting. Han skulle få leva lenger. Han vart helbreda av sjukdommen og fekk eit ytre teikn på det.

.

Du svarar på bøn og er ein god far. Du gir oss det me treng og ofte meir enn det. Difor stig det opp bøner til deg – også om så konkrete, jordiske ting som livslengda. Somme ber om lengre liv som denne kongen. Andre synes livet blir så tungt og vanskeleg at dei ber om at di kortar av dei og tek dei heim til himmelen.

.

Du ser kva som tener ditt rike og oss best. Nokre gonger synes me at du drøyer så lenge, særleg for dei gamle og sjuke som lid. I dag vil eg be for slike. Om det er din vilje og du kunne det, vil du gjera livet til gode tenarar lenger, og korta ned på livstida til dei som slit og har det vondt?

.

Takk for at me slik kan leggja alt i di hand. Amen.

14.12.

Herre Gud!

Me kristne har ofte lengta og venta etter bønesvar. Kva tid skal eg få det du har lova, Gud? Slik spør visst mange truande sjeler.

.

Og du har gitt svar på det hjå profeten: På den tid eg har hugnad i, bønhøyrer eg deg, og på frelsesdagen hjelper eg deg. Eg vil verna deg og gjera deg til ei pakt for folket, for at du skal atterreisa landet. Jes. 49, 8.

.

Ordet står i ein samanheng med Messiasprofetiar. Men ordet har ei varig sanning for alle truande. Du Gud, har ei tid for bønesvar. Det skjer ikkje ved at du er lunefull og svarar når det passer deg slik.

.

Men du har hugnad i at me får svar i rette tid. Ditt rike er jo ditt folk. Me vil gjerne ha svar her og nå, medan du ser lenger og veit kva tid som er best. Av di me ikkje ser det, er me ofte utålmodige og vantruande: Mon eg får svar?

.

Så overlet eg svaret i di hand og takkar for din nåde og store tålmod. Du har hjelp når dagen er der. Amen.

15.12.

Gode Gud og Frelsar!

Jeremia var ein gråtande profet og ein vekkingsprofet i si tid i Juda. Folket var fråfalle og vart kalla til omvending. Ei tid såg det faktisk ut som at dei hadde gjort det: ”Det høyrest ei røyst på dei nbakne haugane, bøn og gråt frå Israels born.For dei har gått på vonde vegar, dei har gløymt Herren sin Gud.” Jerem. 3, 21.

.

Me møter altså eit fråfalle folk. Om få år skulle straffa koma, og dei vart bortførte til Babel.

.

Her ser det ut til at dei vert vekt opp og går i bøn og gråt til deg Gud. Då må det vera ei erkjenning her, der dei truleg ber om nåde. – Og dette bønesvaret lengtar me etter over landet vårt.

.

Du Gud, som er Frelsar og Herre, vil du senda denne ånda som vekkjer folket. Me treng det sårt. Og me treng profetar i landet, folk som vågar å seia sanninga til alle.

.

Herre Gud, eg ber om det nå! Amen.

16.12.

Kjære Gud.

.

Ditt folk Israel fall frå deg og stolte på seg sjølv. Dei hadde sine faste gudstenester, bøner og offer. Men dei var ikkje rette innfor deg slik. Og det var kome så langt at du måtte seia til profeten:

.

”Og du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klage og bøn for det og ikkje trengja inn på meg, for eg høyrer deg ikkje,” Jer. 7, 16.

.

Så langt var det kome med ditt folk då. Heller ikkje forbøn frå ein profet var til hjelp. Du kunne ikkje høyra, for dei hadde vendt seg bort frå deg.

.

Eg spør meg sjølv: er det blitt slik nå, hjå oss her i Noreg? Då er

.

Kan du endå ein gong nå inn til vårt folk? Herre, eg ber. Amen.

17.12.

Herre, min Gud.

.

Fleire gonger seier du til profeten at han ikkje skal be for Israel. I Jerem. 111, 14 heiter det: ”Du skal ikkje be for dette folket.” Og i Jerem. 14, 11 står det: ”Herren sa til meg: Du skal ikkje be om noko godt for dette folket.”

.

Folket har brote pakta med Herren etter utgangen av Egypt. Utan ei rett omvending er det ikkje von. Det er ikkje hjelp i at andre ber for dei då. Folket må sjølv venda om til deg. Elles må straffa koma, har du sagt. Somme vil prøva å leva på andre si forbøn og trur at det er nok.

.

Eg tenkjer på vår slekt og tid nå. Er det ikkje von om berging, i alle høve for nokre av dei? Du fører dei nær dødens port, og dei gløymer visst alt når faren er over.

.

Herre, hjelp oss og alle våre til å vera vakne her. Eg ber for oss alle, også våre vener og kjende. At ikkje verda og synda får tak i hjarta og kveler oss. Det er det berre du som kan hjelpa oss med. Så lenge det er von for land og folk vil eg be deg om å gripa inn. Takk min Gud og Frelsar.

.

18.12.

Kjære Jesus.

.

Jeremias skriv slik ein stad: ”Men dersom dei er profetar, og dersom Herrens ord er hjå dei, så lat dei be Herren, Allhærs Gud, at dei kara som er att i Herrens hus og i huset åt Juda-kongen og i Jerusalem, ikkje må koma til Babel,” Jerem. 27, 18.

.

Dersom, seier han. Spørsmålet var om dei var profetar og om dei hadde og lydde ditt ord. Det er då du vil høyra, Herre. Då er det open veg til nådetruna.

.

Men dette var falske profetar. Det ser

.

Vil du læra oss og å seia til folk at dei ikkje må lytta til vranglæra. Det kostar i vår tid også, men du vil gi kraft og frimot.

.

Det nyttar ikkje å be for ein vranglærar. Herren høyrer ikkje ei hyklarbøn. Det vil han heller ikkje nå. Difor ber eg at du bergar meg og oss frå ei slik stilling. Amen.

19.12. på denne måten

Gode Frelsar!

.

I kap. 29 skriv Jeremias skriv ned nokre gode og kjende vers. Folket må dra til Babel og vera der i 70 år. Det er straffa for utruskap og svik. Ingen kan endra det.

.

Men du Gud har likevel gode tankar med dei, berre dei vil venda om. Då seier du til dei: ”Og de skal kalla på meg, og eg vil høyra på dykk - - de skal finna meg når de søkjer meg av eit heilt hjarta.” Jerem. 29, 12-13.

.

Det er same tanken heile tida i ditt ord: Du kan ikkje høyra den som deler seg mellom verda og ditt rike. Menneska er så seine til å sjå det, vedgå at slik er du. Du vil ha heile hjarta vårt. Og det kan ikkje dela seg. Det heile hjarte er det som legg alt fram for deg og reknar med deg i alt.

.

Då vil du høyra. Det les me ofte. Og då skal me finna deg. Den bøna og det hjarta var det eg ville be om å få eige heile livet mitt. Elles er jo alt til fånyttes. Herre, vil du ta meg heilt inn til deg. Amen.

20.12.

Frelsar og Herre.

.

Ei tid var hovdingane redde for Nebukadnesar og ville røma til Egypt. Nå kjem dei til profeten og ville vita Guds vilje. Og dette var eit fint trekk ved dei. Dei spør etter kva Gud vil og ber om forbøn. Jerem. 41-42.

.

Be for oss, seier dei, kap. 42, 2. Bedin Gud. Var han ikkje deira Gud? Dei kjende nok på at det var avstand og måtte be profeten om hjelp.

.

Og profeten var lydig. ”Det skal eg gjera,” sa han, v. 4. Han venta svar: ”Kvart ord Herren svarar dykk, skal eg gjera kjent for dykk.”

.

Det er godt å ha slike sendebod som er viljuge til å tala alt Guds ord til folket. Mange har så lett for å halda att noko. Difor held eg og fram og ber om at du gjer oss alle vakne for alt det du vil, slik at me ikkje berre plukkar ut dei gode orda i di bok.

.

Nå viste det seg at dei ikkje ville høyra alt, og måtte difor døy., v. 21-22. Herre, lat det ikkje gå sdlik med meg og vårt folk. Hjelp oss å fylgja ditt ord. Det er mi inderlege bøn for land og folk. Amen.

.

21.12.

Herre.

.

”Så seier Herren Herren: I dette og vil eg bønhøyra Israels hus så eg gjer det for dei: Eg vil gjera folket talrikt som ein saueflokk.” Esek. 36, 37.

.

Heidningane hånar Israels land av di det er lagt aude, men Herren vil la folket koma attende frå Babel. Og han vil gje dei eit nytt hjarta og velsigna dei rikeleg.

.

Dette viser fram til den nye pakta. Då skal det skje i fullt mål, Gud. Men alt her vil dei oppleva noko. Du skulle velsigna folket når dei kjem att. Dei syntes dei var for få då og bad om at dei vart eit større folk. Slik vil dei nok unngå hån frå dei andre. ”I dette vil eg bønhøyra Israels hus,” står det. Du har gjort det på mange andre måtar før.

.

Slik har eg opplevd bønelivet med deg. Gong etter gong har du svara, også i dei små ting. Difor ber eg om di velsigning, over meg og kona og tenesta vår og familien og alle våre. Herre, vil du kalla på alle og la dei bli dine frelste born! Høyr meg, også i dette!

.

Og eg ber for alle folk utover heile vår jord. Du skapt dei og elskar alle like høgt. Nå ber eg at du får tak i dei. Send di vekkande Ånd over alle land og folk. Driv nye og brennende sjeler

.

22.12.

Herre Gud.

.

Kong Nebukadnesar hadde ein draum som ingen kunne tyda. Danile bad kongen om ein frist for å kunne tyda den. Og kva brukte han den tida til?

.

Han bad til Gud. Det gjorde han alltid. Men i Dan. 2, 17-18 står det: ”Etter dette gjekk Daniel heim og fortalde venene sine... det som hadde hendt så dei skulle be himmelens Gud at han i si miskunn ville openberra denne løyndomen.”

.

Og i v. 19 står det: ”Då vart løyndomen openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel lova himmelens Gud.”

.

Han bad altså venene sine om hjelp til å be for ei konkret sak. Då vart det nok eit intenst bønemøte i huset deira. Det stod faktisk om livet til Daniel om han ikkje kunne tyda draumen.

.

Då skjedde det. I ein stille nattetime kom du Gud til han. Daniel gløymde ikkje å takka og prisa deg for svaret.

.

Slik er du. Hjelp meg å gå den vegen ofte. Og eg vil takka deg alltid for svar du gir. Amen.

.

23.12.

Gode Herre.

.

Då medaren Darius vart konge, vart Daniel ein av dei tri som var øverst i riket, under keisaren. Nokre vart då misunnelege og ville ta han av dage. Dei fekk kongen til å påby at folk berre skulle tilbe han i tretti dagar.

.

Dei visste at Daniel tilbad den levande Gud, og nå skulle dei knekka han med hans eigen religiøsitet.

.

Då står det: ”Han gjekk inn i huset sitt. I salen sin der hadde han opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Og tre gonger om dagen bøygde han kne i bøn og lovprisning for åsynet til sin Gud, nett som han hadde gjort før.” Dan. 6, 11.

.

Han var ein bønemann og uredd midt i ei vanskeleg tid. Det førte han i løvehola. Og han hadde nok tru på bøn, og difor gjorde han det nå slik han hadde gjort det før. Gud ville nok finna ein veg urt.

.

Herre, hjelp kristenfolket i dag også til det. Hjelp oss å lita så heilt på deg at me overlet oss i di hand og vågar å vera der. Amen.

.

24.12.

Kjære Jesus.

.

Daniel var ein bønemann, og det visste folk. I kap. 6, 14 les me: ”Då tok dei til orde og sa til der dei stod framfor kongen: Daniel, som er ein av dei bortførde frå Juda, har ikkje brydd seg om deg, konge, eller om påbodet du har sendt ut skriv om. Tre gonger om dagen bed han bøna si.”

.

Det var dei som misunte han som sa dette. Og dei brukte løgn for å fremja si sak. Daniel brydde seg om kongen og tente han. Men dei blanda saman sanning og løgn, og det er ofte eit godt våpen motstandarane brukar.

.

Det sanne var at han bad si bøn, det tyder at han bad til sin Gud, og ville ikkje be til eit menneske. Det hadde dei lagt merke til, og det er eit godt vitnemål.

.

Denne jula ber me om at me må få vera der og ikkje svikta bønekallet vårt. Hjelp oss å vera så klåre at folk veit kor me er. Nå ber eg for alle våre i dag at dei må bli frelst. Det er det største me ynskjer for våre og elles for alle folk. Takk for at du kan! Amen.

.

25.12.

Gode frelsar.

.

I dag les eg eit stort kapittel om bøn. Det byrjar slik: ”Då vende eg andletet til Gud Herren for å søkja han med bøn og audmjuke ynskje, med faste i sekk og oske,” Dan. 9, 3.

.

Kyros er konge, og Daniel ser av heilage skrifter – truleg Jeremias – at 70 år skulle gå før trengsla var over. Nå var tida inne. Folket skulle dra heim att. Men det hende ikkje automatisk. Guds mann måtte inn i bønekamp. Han bad, ynskte og fasta.

.

Og bøna var erkjenning og vedkjenning av synd både hjå han sjølv og for heile folket. Det ser ikkje ut som at folket bad slik. Guds tenar måtte ta ansvar, gå inn for deg Gud med heile folket sin svikt. Det gjorde han som lekmann og ikkje som prest.

.

Då kom engelen Gabriel. Det var Guds svar og hans sendebod. Profeten gret over folket si synd, og Guds engel rørte ved han – ”i mi store maktløyse”, seier han. Å, kor liten og skrøpeleg han kjenbde seg i din nærleik, Herre.

.

Nå kjem eg med vårt folk. Det er ikkje berre grove syndarar i Noreg, og heller ikkje namnkristne som lever ope i synd som homofili o.a. Men somme er sløve og søv. Eg og folket er eitt, eg må ta folket si synd som mi og bera det alt innfor di truna og be:

.

Herre, ha miskunn med oss nå. Kom med din mektige Ande til frelse og vekking mellom oss. Amen.

.

26.12.

Kjære Gud.

.

Det er dom over Israel i nord med straff frå herren. Dei synda grovt med avgudar, og Du Gud kalla dei til omvending. Du ville lokka og tala venleg for å føra dei på rett veg. I Messiastida skal alt bli nytt.

.

Då seier Herren gjennom profeten Hoseas: ”På den dagen skal det henda at eg vil bønhøyra, seier herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og Han skal bønhøyra jorda.” Hos. 2, 21.

.

Når folket ville omvenda seg til deg, ville du høyra. Avgudane og synda måtte bort om me skal ha samfunn med Herren. Då vil du bønhøyra etter din vilje. Det er ditt faste ord.

.

Du vil svara, står det i Peshitta-bibelen (syrisk). Slik er di natur. Ei rett bøn frå eit rett sinn – då vil du svara. Alltid skjer det etter din vilje og i di tid. Me skjønar ikkje mykje av bøna, men me vil be i tru på at du er nær oss då og gir oss det me treng heile vegen. Amen.

-

.

27.12.

Herre!

.

I dag skal eg minnast Jonas si bøn. Han var ulydig og reiste ikkje ut med ditt ord. Han vart kasta i havet og slukt av ein stor fisk. Det kunne lett bli hans visse død. Då står det: ”Jonas bad til Herren sin Gud frå buken av fisken.” Jon. 2, 2.

.

Han hadde ikkje slept vona om at du ville frelsa og vera hans von. I dette kapitlet ausar han ut si sorg og naud for Deg.

.

I v. 8 seier han: ”Då sjela mi miste si kraft i meg, kom eg Herren i hug, og bøna mi nådde opp til deg, til ditt heilage tempel.”

.

Han fekk oppleva og erfara at du høyrde bøna sjølv om han var ulydig. Den nådde like opp i din himmel, ditt evige tempel.

.

Men her er visst noko viktig: Han kom ikkje til deg før han miste all tru på seg sjølv og sitt eige. Krafta hans var borte, han såg det gjekk galt. Då kom han deg i hug. Så må du kanskje bøya oss endå meir i støvet før me lærer å bli heilt avhengig av deg. Men Herre, far lempeleg med ditt folk. Her er så mange skrøpelege av oss. Bøy oss i nåde og høyr ropet. Amen.

.

28.12.

Kjære Jesus.

.

I profeten Habakkuk kap. 3, 1 les eg: ”Ei bøn av profeten Habakkuk.” Det er bibelsk å skriva ned bøner som vart bedne. Fleire har gjort det. Her er ikkje tenkt på ritualbøner som vert lesne opp år etter år.

.

Men kanskje er det ein einsleg Herrens tenar som går i bøn til sin Gud. Slik har Guds reiskap alltid gjort. Vår anklage er at me ofte ber for lite. Hjelp oss her, Jesus.

.

Og kva ber han om? Om Herren var vreid på folket på grunn av synda, så bad han om at Han viste nåde og miskunn. Og han bad eigentleg om fornying og vekking.

.

Han sa: Herre, ditt verk – kall det til live att i vår levetid! I NO 78 står det slik: Ditt verk – gjenta det i vår eiga tid, gjer det kjent før tida er omme.

.

Ja, Herre, det vil me og me om i dag. Du har gjort mange store gjerningar til alle tider. Gjenta det nå også! Amen.

.

29.12.

Kjære min Gud!

.

I dag vil eg minnast ditt ord i Sakarja 12, 10: ”Men over Davids hus og over innbyggjarane i Jerusalem vil eg renna ut nåde-Anden og bøne-Anden, og dei skal sjå opp til meg som dei har gjennomstunge. Og då skal dei sørgja over han---.

.

Det er eit sterkt og stort og framtidsretta profetord. Men eg vil nå berre få tenkja gjennom dette: Over folket vil du renna ut din Ande. Det er nåde og bøn.

.

Me kan ikkje ta noko av oss sjølve, alt vårt eige blir strev og lovgjerning. Heller ikkje kan me forkynna og be rett etter din vilje. Difor må du renna ut over oss den ånd som ber, ikkje berre ord og tale.

.

Og det treng eg mykje av. Herre, vil du koma og gi meg det. Gjer det slik at bøna mi også når opp til deg og gir svar for folket vårt. Takk for all din hjelp. Amen.

.

30.12.

Herre.

.

I Messiastida skal grensene for ditt rike vida seg ut. Det gjeld ikkje berre Israels folk, men heidningane skal få del i det. Mange folkeslag og mannsterke heidningfolk skal koma og søkja Herre, Allhærs Gud, i Jerusalem, og be til Herren.

Sak. 8, 22.

.

Og i verset før seier han: Dei som bur i den eine byen, skal gå til den andre og seia: Lat oss gå av stad for å be til Herren, og for å søkja han, Allhærs Gud!

Eg vil gå, eg óg, v. 21.

.

Det siste er vel om jødane først og fremst. Og mange heidningar. Alle har sett det: Me må be til Herren – han er den rette Gud, ja den einaste for alle menneske, den einaste sanne Gud.

.

Det er misjonen i vår tid. Der ser me dette: Nye folk kjem og ber.

Men kanskje det varslar ei endå større tid ein gong, når Messias rår i verda. Kan det vera slik at dei store skarar vil koma til Deg. Det blir eit verdsbønemøte. Og Du vil høyra og svara. Det er ei stor framtid.

.

”Takk, takk at også jeg fikk være med.”

.

31.12.

Allmektige Herre!

.

Profeten Sakarja skriv slik mot slutten av boka si: Berre ein tredjepart skal verta spard. Og eg vil la denne tredjeparten gå gjennom elden og reinsa han – og prøva han. Dei skal kalla på namnet mitt, og eg vil høyra bøna deira. Eg vil seia: De er mitt folk.

Sak. 13, 8-9.

.

Det er i Messiastida. Då skal det vera ei opna kjelde mot synd, v. 1. Messias må døy og folka møta trengsler. Men ein rest blir att, nokre få, ein tredjepart.

.

Dei skal leva livet med deg og ha samfunn med deg. Det er og eit bønesamfunn der du høyrer og gir svar. Dei har frimod til å seia: Herren er min Gud!

.

Så har dette året vore eit slikt liv med deg, i bøn og tru frå dag til dag. Du har gjeve meg alt, mest trua på at eg er din og skal få vera rede når du kjem.

.

Lat det nye året også bli slik. For meg og alle våre – ja, alle folk. Så skal du ha så mykje takk for alt du sender i vår veg, og mest for frelsa her på jord og i din himmel. Amen.

.

Ingen kommentarer: