tirsdag 21. oktober 2008

November - bøn

Bønnebok – november.

Ndh.

1.11.

Herre Gud.

.

I 2. Kong. 17. er fortalt om at dei ti stammane vart bortførde til Assyria, og nye, heidenske folk kom til Israel. Dei hadde ein blandingsreligion då dei tilbad både sine avgudar og Israels Gud.

.

Då gav Herren dei m.a. bodet: ”De skal ikkje be til dei (avgudane),” 2. Kong. 17, 35. Det hadde du herre sagt i Moselova på Siinai, 2. Mos. 23, 13, og seinare i Domartida då Gideon vart domar, med litt andre ord, Dom. 6, 10.

.

Her i 2. Kong. 17 er det klårast: Israels skal ikkje ottast andre gudar, ikkje be til dei og ikkje dyrka dei og ikkje ofra til dei.

.

Fangeskapet for dei ti stammane var nett prega av slike synder, v. 7. Og nå åtvarar du og minner tistammeriket om dette. Du Gud krev eit skilje mellom ditt folk og alt io denne verda.

.

Slik er du framleis, og nå minner du meg om dette. Me står i fare for dette i vår tid. Eg be for meg og alle mine og våre at me må bergast frå synkretismen i tida og ha eit reint forhold tiol deg og berre tilbe den einaste Gud. Amen.

2.11.

Kjære Jesus.

.

I dag får eg eit ord om bøn der Hiskia sine tenarar sa til profeten Jesaja: ”Send no opp ei bøn for den resten som enno er att,” 2. Kong. 19, 4. Kanskje Gud vil høyra, seier dei.

.

Og Jesaja sa at Gud ville høyra, for Gud ville gi kong Sankerib, som var motstandaren, ”ein slik hug at han vender attende til landet sitt på grunn av eit ryke han får høyra,” v. 7.

.

Du har så mange og underlege vegar, du Herre, Du brukar mange ting for å fremja ditt verk. Og eg veit difor ikkje alltid kva eg skal be om. For eg kan ikkje fortelja deg kva du skal gjera. Difor må eg alltid seia: Lat din vilje skje.

.

Her brukte du eit rykte. Og så ordna det seg, og ditt folk fekk fred.

.

Kva må du bruka nå for å vekkja folk og frelsa våre og folket vårt? Kanskje må du ta meg vekk, om eg stenger for din Ande, eller nokon andre. Herre Jesus, hjelp oss å bøya oss for alt det du gjer og sender. Skje din vilje, og lat riket ditt koma. Amen.

3.11.

Herre.

.

Kort etter vart Kong Hiskia dødssjuk, og profeten Jesaja kom til han og sa: ”Beskikk ditt hus, for du skal dø!” 2. Kong. 20, 1 (NO 1930).

.

Då gret kongen. Han hadde livet kjært som dei fleste. Og Jesaja var ikkje komen langt frå huset hans før Herrens ord kom til han att. Han skulle gå attende.

.

Slik endrar du måten, eller vår tanke, og gjer noko anna. Du sa gjennom profeten: ”Eg har høyrt bøna di, eg har sett tårene dine. Sjå – eg vil lækja deg-. Eg vil verna denne byen for mi eiga skuld og for min tenar Davids skuld.” 2. Kong. 20, 5-6.

.

Ein stakkar som var i naud, vart bønhøyrd. Og han fekk eit konkret svar: 15 år meir å leva. Jfr. Jes, 38, 1ff. I 2. Krøn. 32, 24ff er fortalt at Herren svara han og gav han eit underfullt teikn. Og slik er Guds svar: underfullt. Me kan ikkje skjøna alt det du gir, men i lys av deg ser me i alle høve at det er stort og verdfullt.

.

Så skal eg få lov i dag og be om det eg treng, både for mitt daglege menneskeliv og for livet med deg og den dagen døden kjem til meg også. Vil du gjera med reide kvar tid og stund til å flytta frå denne verda og inn i æva. Det vil eg takka deg for kvar dag. Amen.

4.11.

Gud!

.

Israel var i krig med etterkomarane etter Hagar og Ismael og sigra. Då står det eit fint ord: ”Dei fekk hjelp mot dei, så hagarenane og alle som var med dei, vart gjevne i deira hand. For dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøna deira, fordi dei sette si lit til han.” 1. Krøn. 5, 20.

.

Dette er fint. Dei ropa til deg i striden. I dag hånar folk denne tanken og seier at alle kan ikkje ha deg med seg. Det er rett i og for seg, men mange skjønar ikkje hovudsaka i ditt rike og skjønar ikkje alt.

.

Men i Ordet ditt finn eg at du alltid er med ditt folk når me vil gå din veg. Israel sette si lit til deg – trudde på deg og rekna med deg. Nå var dei i din vilje – og du høyrde og svara og gav siger.

.

Så vil eg gjera det nå. Ropa til deg og setja mi lit til deg og tru at du skal vera med i ditt arbeid i dag. På møte her og med misjonæren og familiane deira og alle våre. Du høyrer vår bøn og gir ditt svar. Hjelp berre kvar einskild av oss å vera i din plan. Takk, takk.

5.11.

Jesus!

.

David fekk ikkje byggja Herrens hus, men sonen skulle gjera det. Og dette rike skal vara evig og bli oppfylt i Messias.

.

Då prisar David sin Gud og ber han oppfylla sine lovnader: ”For du, min Gud, har openberra for tenaren din at du vil byggja eit hus for han. Difor har tenaren din fått frimod til å be for ditt åsyn,” 1. Krøn. 17, 25.

.

Du Gud har openberra seg for oss menneske.

.

Difor har me frimod og kan be.

.

Slik har det ofte vore for oss, og takk skal du Frelsar ha for det. Me får henta frimod og kraft i deg og ditt ord. Og så stig eg innfor ditt åsyn nå. For eg har teke imot di openberring då du kom til jord og levde og døydde for meg.

.

Nå vil eg be om at du let meg sjå din vilje så klårt at eg ikkje tek feil. Og eg svarar ja til ditt kall. Lat meg framom alt få leva i di nådepakt. Amen.

6.11.

Kristus.

.

David hadde synda ved å telja sitt folk. Då sanna sine brot, og pesten og dermed vart domen stansa. Nå skal David kjøpa Ornan sin treskjevoll og byggja eit altar der.

.

Ved dette altaret ropa David til herren som svara med eld på altaret, nett som på Karmel for Elias, v. 26.

.

”Då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på tredjevollen .; ofra han der,” 1. Krøn. 21, 28.

.

David var lydig og gjorde som Herren sa til slutt. Og Herren viste at han høyrde – med eld på altaret. Bøna steig opp til deg.

.

Då ofra han. Og dette var på same staden som templet i Jerusalem vart reist seinare. 2. Krøn. 3, 1.

.

Slik er det lange liner i ditt verk, Herre, og du veit kva du gjer og kva det seinare skal brukast til når du ber oss om å vera dine tenarar. Så vil eg takka for det óg i dag.

.

7.11.

Herre!

.

I dag les eg óg frå Salomo si bøn ved tempelvigslinga, i 2. Krøn. 6, 19:”Likevel vil du venda deg til bøna åt tenaren din og det audmjuke ynskje hans, Herre, min Gud, og høyra det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for åsynet ditt.”

.

Denne gongen vil eg streka under ordet audmjuke bøn. Du høyrer den audmjuke bøna, og ynskje. Dette er det som stig opp til deg. Eg trur ikkje at andre bøner når fram til ditt kongeslott.

.

Er det difor så lite av mi bøn ikkje får svar? Ber eg ikkje audmjukt, er eg ikkje liten som kristen?

.

Så bøyer eg meg for deg i denne stunda og legg alt i di hand. Truleg har eg bede i uforstand og sjølvkjærleik – og du høyrer det ikkje. Kan mine bøner i dag nå fram til deg? Eg ber om frelse for våre, og for hjelp til oss som er dine – og om vekkingselden over land og misjon.

.

8.11.

Far.

.

I bøna si seier kong Salomo også dette: ”Lat augo dine vera opne over dette huset dag og natt - - så du høyrer på den bøna tenaren din bed, vend mot denne staden,” 2. Krøn. 5, 20.

.

Han ber om at augo dine må vera opne når han og folket ber. Han ber at du må høyra når han ber. Elles var jo bøna unyttig slik me ser det.

.

Opne augo – og opne øyro. Han vil at du skal sjå korleis dei har det, sjå kva situasjon dei er i. Og så vil han du skal senda hjelp. Det er ei bøn eg vil be også, for eg treng så ofte mykje hjelp. Og det er berre du som kan hjelpa i dei store og viktige ting i livet, særleg vår sjelesak.

.

Og det skulle vera sant dag og natt. Du har nok høyrt mange bønerop om nettene. Det var ikkje til å halda ut mang ein gong. Guds born har ofte skrike seg trøytte og lengta etter hjelp i mange ting. Og du høyrde. Alltid.

.

Tenaren din såg kanskje ikkje svaret straks eller slik han tenkte. Men mange fekk tru: Det er svar underveis, engler kommer med bud – om det drøyer det fram dog skal nå.

.

Takk, kjære far.

.

9.11.

Heilage far.

.

Også i dag er me i Salomos bøn ved tempelvigsla. Han seier: ”Kvar gong det då kjem ei bøn eller eit audmjukt ynskje frå noko menneske eller frå heile Israel, folket ditt, fordi dei kvar for seg kjenner si plage og si liding, og dei så breier ut hendene sine mot dette huset, då vil du høyra det i himmelen,” 2. Krøn. 6, 29.

.

Kvar gong vil det skje, trur kongen. Du har ikkje kontortid eller kølappsystem. Straks syndaren kjem, har du svar. Slik har eg óg erfart dette, Herre.

.

Det kan vera eit konkret, verbalt ynskje eller bøn utan ord. Formene og måten har inkje å seia for deg. Du ser alltid til hjarta. Og takk skal du ha for det. Det var mange gonger eg ikkje kunne forma bøna mi med rette ord. Det blei berre eit sukk. Men du la merke til det.

.

Og kven som helst kan koma. ”Om noko menneske…” ”Any man” står det på engelsk. Me kan koma enkeltvis og personleg. ”Kvar for seg,” står det. Eg står åleine innfor Gud. Det er gode stunder – ”når eg og Jesus åleine er”.

.

Då vil du høyra. Takk igjen for bønesvar.

.

10.11.

Heilage Gud.

.

Fleire gonger står det i denne bøna at Gud skal høyra bøn. 2. Krøn. 6, 35. 39. 40. I v. 39 kjem også dette fine ordet: Du vil høyra bøna og ynskje og hjelpa og tilgi.

.

Du ikkje berre høyrer på syndaren, men du gjer noko med vår sitruasjon. Og det beste du kunne gjera for å hjelpa oss i liv og død, var at me fekk eit rett tilhøve til deg her i livet og når døden kjem med sin kalde bodskap.

.

Då må synda bort. Og me har mange synder, Gud. Det ser eg i mitt eige liv. I dei små gamaldagse ting forgår eg meg så ofte, og i tankelivet er eg borte frå den smale, heilage vegen så titt.

.

Kor skulle det bore hen om eg ikkje fekk leva i ein dagleg og stadig syndsforlating og din nåde. Då var eg fortapt.

.

Men nå har du frelst meg. ”Takk, takk at også jeg fikk være med.” Men du vil ha alle, og difor ber eg for folket vårt, våre kjære og misjonslanda. Grip inn, Herre, med din Ande, til vekking og liv. Amen.

.

11.11.

Gode Gud.

.

”Då Salomo hadde enda bøna si, fall det eld ned frå himmelen og åt opp brennofferet og slaktofferet, og Herrens herlegdom fylte huset,” 2. Krøn. 7, 1.

.

To ting vart den umiddelbare fylgje av bøna.

.

Det kom eld ned frå himmelen. Der og då sette den fyr på og brende opp offera.

.

Me ventar og på og treng ein himmelsk eld over folk og land. Ein vekkingsbrann over Noreg og heile verda ber eg om. Du Gud må koma ned over oss og setja hjarto i brann for deg. Og det vil eg be om for min eigen del først og så for folket. Me treng det sårt.

.

Etter denne bøna til kongen kom din herlegdom i huset. Det var ikkje nok med ein stor og vakker bygning og eit tenleg og fint hus. Du må koma hit og fylla hus og arbeid med din Ande og di kraft. Utan din herlegdom vert det ingen ting av noko. Det er den som må gjera underet. Difor ber eg om den også her hjå oss. Og eg veit det er din nåde. Takk, Gud for det.

.

12.11.

Kjære Jesus.

.

Salomo fekk svar frå Herren på si bøn. Då openberra Herren seg for Salomo om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di og valt ut denne staden til ein offerstad for meg, 2. Krøn. 7, 12.

.

Om natta fekk han svar. Då var det stille i leiren, og alle var gått til ro. Til og med dei mange dyra kvilte. Der i einsemda kom du herre til han. Slik ville du ofte gjera dette. Me har så mange tankar og ting i oss at du når oss ikkje.

.

Herre, gjør det stille i mitt indre – senk din dype fred i sjel og sinn.”

.

Då fekk du seia til kongen: Eg har høyrt bøna di. Det nye templet skulle vera Guds hus. Der skal du vera, og du skulle det bli gitt mange offer – ja, millionar i tida som kom.

.

Nå skulle me få koma til deg alle stader, og du høyrer og svarar etter din vilje. Du har gjeve oss lovnad om svar mange stader. Kvar den som ber han får, sa du ein gong. Mat. 7, 8. Og det har me erfare gang etter gang. Det vart ikkje alltid slik me tenkte og ynskte, men det var alltid til gagn for oss. Takk, takk endå ein gong. Amen.

.

13.11.

Frelsar!

.

Om kong Josafat står det slik: ”Då vart Josafat redd. Han vende seg i bøn til Herren og lyste ut ei faste over heile Juda,” 2. Krøn. 20, 3.

.

Bakgrunnen for dette var: Ei stor hær av fleire nabofolk går mot Juda, dei var alt komne til En-Gedi.”

.

Kva skulle kongen gjera då? Han var ein god konge og hadde fleire gonger vist at han frykta Gud. Nå står det: ”Han vende seg i bøn til Herren.” Det var vegen å gå. Han kunne ikkje gå i eiga kraft eller med si hær.

.

Og han bad folket fasta. Det er teikn på audmjuke folk og anger for Gud. Slik ville han at folket skulle vera. Då kan og vil Gud hjelpa. Og framleis er Gud den same. Og slik vil du at me kristne og skal vera. Små og avhengige av deg. Me har ikkje resursar til noko sjølv. Difor bøyer me oss ned for deg og ber. Amen.

.

14.11.

Herre!

.

Kong Hiskia samla folket til påskehøgtid i Jerusalem. Då kom nokre – ein stor del av folket – som ikkje hadde reinsa seg etter lova.

.

Men kongen bad for dei og søkte slik råd hos Gud. For i lova var det skrive at dei ureine kunne halda påske når dei vende om og søkte Gud. Då står det: ”Og herren høyrde bøna frå Hiskia og lækte folket.” 2. Krøn. 30, 20. Dette var også sagt i Moselova. 4. Mos. 9, 10.

.

Kongen bad.

.

Herren høyrde og lækte.

.

Slik er det i Guds forsamling og i vårt einskild eliv. Me skal få be. Om alle ting. Også når me er ureione og uverdige.

.

Du vil tilgje, frelsa, lækja og hejlpa. Me byggjer vår tru og vårt liv og von på det du har gjort.

Takk for at du er ein slik Gud. Amen.

..

15.11.

Far.

.

Etter tempelvigsla hende også dette: ”Dei levittiske prestane stod opp og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde til himmelen, den heilage bustaden hans,” 2. Krøn. 30, 27.

.

Guds tenarar var i bøn for folket. Det var velsigninga, ikkje at dei sa fram nokre ord.Eit bedande presteskap var ei velsigning for Israel. Guds tenarar si største oppgåve er å be – for seg sjølv og for folket.

.

Og bøna nådde til himmelen. Det er fint. Bøna var slik at ho nådde målet. Den blei registrert for di truna.

.

Kan det bli slik for meg og? Nå er det vår bøn i dag. At ropet når fram til din himmel.

Takk for at me denne vegen – og kan gå han. Og du kjem i di tid.

- Det er svar underveis, engler kommer med bud…

.

16.11.

Heilage Gud og Far.

.

Om Manasse står det også noko fint: ”Då han bad til Herren, vart han bønhøyrd. Herren høyrde det audmjuke ynsket hans og førte han attende til Jerusalem, så han fekk at riket sitt. Då sanne Manasse at Herren er Gud,” 2. Krøn. 33, 13.

.

Han bad og hadde eit audmjukt ynskje. Og det gjekk nok på hans jordiske liv og kall, og ikkje hans syndeskuld og plass i himmelen.

.

Men du høyrde og svara slik han bad om. Han opplevde at du kunne gi det han ville ha. Dei to tinga stemde her.

.

Då står det: Han sanna at Herren er Gud. Det må vel tyda at han omvende seg. Og det var nok ditt mål – då og nå som alltid. Du vil me skal koma til deg og leva i din vilje. Det må du og læra meg i livet og alle våre og vårt norske folk. Me be for alle desse i dag.

Amen.

.

17.11.

Rettferdige Herre.

.

Om Manasse står det vidare i 2. Krøn. 33, 19: ”Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, og om all synda hans og truløysa og dei stadene der han bygde offerhaugar og sette opp Astartebilete og dei utskorne bileta, for han audmjukte seg – om dette er det skrive i krønikerboka åt Hosai.”

.

Dei tok vare på soga i gamle dagar og. Dei skreiv om folk sine bøner og bønesvar, om deira gudsliv altså. Men dei skjulte ikkje synda og truløysa og avgudsdyrkinga. Alt høyrer med, for me er alle menneske. Han bygde offerstader, står det. Han hadde arbeidd aktivt i det verdslege liv.

.

Men så vart han audmjuk, omvende seg og bad til den levande og rettferdige Gud. Og svaret kom. Du høyrer alltid dei fattige i ånda. Nå har eg frimod til å be slik og takk for at eg får vera din i dag. Eg legg alle våre i di hand, og ber for vener og kjende og misjonen.

.

Herre, høyr vår bøn. Amen.

.

18.11.

Kjære Frelsar.

.

Kong Kyros hadde gjeve påbod om at templet skulle byggjast opp att. Kong Darius stadfesta det. Ingen måtte hindre at huset vart bygt, og utgiftene skulle kongens hus bera.

.

Kvifor skulle dette henda? Jo, slik at dei kunne bera fram offer til ein hugnadleg ange for himmelens Gud og be for kongen sitt liv og livet åt borna hans,” les me i Esra 6, 10.

.

Huset skulle byggjast så folket kunne ofra rette offer, og dei skulle be for kongen. Her var om mogeleg ein egoistisk grunn hjå kongen. Han ville sikra seg hjelp frå Israels konge for seg og sine. Men Du brukte det til beste for ditt rike.

.

Så skal me og få koma med vår bøn. Grunnane kan nokre gonger vera ulike og prega av oss sjølv. Men du vil reinsa dei og ta imot dei. Nå ber eg for vårt folk og vår konge og styre. Ordet ditt seier me skal be for dei som har ansvar i landet slik. 1. Tim. 2, 1f.

.

Eg ber om at dei som leier landet vårt og kyrkjer og organisasjonar må ta imot visdom frå deg slik at dei kan leia folket på rett måte. Slik vil me få leva eit godt og sant liv til æra for deg. Dette legg me og i dine hender og takkar for bønesvar.

.

19.11.

Herre Gud.

.

Den skriftlærde Esra reiste til Jerusalem frå Babel for å byggja templet opp att. Ved Ahava-kanalen lyste Esra ut ei faste for folket, ”så vi skulle audmjuka oss for vår Guds åsyn og be han om ei lukkeleg ferd for oss og borna våre og alt det vi åtte,” Esra 8, 21.

.

Han ville ikkje be kongen gå mot fienden på vegen, for dei hadde sagt til kongen: Vår Gud held si hand over alle som søkjer han og let det gå dei vel, men makta hans og vreiden hans er over alle som forlet han, v. 22.

.

Dermed fasta dei og bad Gud om hjelp. Og denne bøna vart bønhøyrd, v. 23.

.

Dei hadde ei sterk tiltru til deg Gud. Du ville hjelpa dei på ferda. Og nå kjem me og ber om den same trua. Tenk om me hadde meir av den! Sjølv om du skulle vera med dei, fasta dei og bad.

.

Tiltrua deira var ikkje lat og tok alt for sjølvsagt. Faste og bøn er uttrykk for eit audmjukt sinn, og at dei var heilt avhengig av Deg. Hjelp meg og alt ditt folk nå til å vera det. Me menneske har så lett for å vilja gå våre eigne vegar. Vil du lokka oss inn på dine stigar. Amen.

.

20.11.

Kjære Jesus.

.

I dag les eg eit ord av Nehemja. Han høyrde at folket i Jerusalem var i stor naud. Då gret og bad og sa: ”Lat øyra ditt vera ope og augo dine opplatne, så du høyrer på bøna åt tenaren din. Eg bed no både dag og natt for ditt åsyn for Israels-borna, tenarane dine, medan eg sannar syndene åt Israels-borna, som vi har gjort mot deg! Både eg og farsætta mi har synda.” Neh. 1, 6.

.

Det var ein tenar i naud for sitt folk. Dag og natt hadde han denne lengt og ynskje: Gud måtte hjelpa sitt folk. For dette folket var dine tenarar, Gud. Dei skulle vera din lovsong på jorda.

.

Noko stengde likevel. Ditt folk hadde synda. Nehemja såg si synd og visste han far skuldig. Og fedrane hadde synda. Han ser korleis synda har fylgt slekta. Frå fallet er me alle med der og er skuldige. Og det hindrar ditt verk, Gud.

.

Så sannar han synda for deg. Også folket si synd. Han tek på seg ansvar for andre si synd – slik du Jesus gjorde for vår – på ein endå sterkare måte. Og det er dine tenarar sin lodd alltid. Me skal sanna ditt folk si synd.

.

Det vil eg og gjera nå. For vårt folk i Noreg har gjort mykje synd og det hender kvar dag. Herre, kan du sjå forbi dette og tilgi dei! Mange har visst gløymt at dei er syndarar og kva synd er. Nå legg eg det fram for deg og ber: Grip inn medan det er tid. Amen.

.

21.11.

Kjære Frelsar!

.

Nehemja ber vidare: ”Å, Herre! Lat øyra ditt gi akt på bøna til tenaren din og tenarane dine, dei som gjerne vil ottast namnet ditt! Lat tenaren din ha lukka med seg i dag, og lat han møta miskunn hjå denne mannen!” Neh. 1, 11.

.

Han er framleis i bøn og ber om at Gud må høyra bøna. Det viser det audmjuke sinn og dei små tankane han har om seg sjølv.

.

Men han legg til: og tenarane dine. Han var ikkje åleine i arbeidet, han visste han måtte ha nokon med om han skulle dra til Jerusalem. Det var samfunnet mellom Guds born. Og nå ber han for dei og.

.

Dei ville otta Herrens namn. Det er eit godt kjenneteikn på dei truande. For det tyder å ottast deg sjølv, Gud. Dei underordna seg den øvste og bad om at ferda og alt måtte lukkast. For dei reiste for di sak. Nå skulle han til kongen for å be om å få reisa.

.

Herre, hjelp meg alle dagar til å leva dette audmjuke bønelivet. Du er den høgste og største. Me bøyer oss for deg. Nå ber eg om å nå fram til det himmelske Jerusalem ein dag – og få mange med dit. Det gjeld våre, folket vårt – og heidningane. Kinesaren, afrikanarar og nordmenn. Vil du hausta nokon inn! Amen.

.

22.11.

Herre.

.

I Neh. 11 er innbyggarane i Jerusalem opprekna. Det er eit slags manntal. Mellom folket der finn me óg Mattanja, son til Mika av Asaf si slekt. Nehemja kallar han ”songmeisteren”, v. 17. På bokmål står ”lederen av sangen”. Det deier vel mest her.

.

Han skulle leia songen ved eller i bøna. Når dei hadde bønetime i Guds hus, var det også lovsong. Det har vel også vore ein takkesong for bønesvar.

.

Me har kanskje klaga og sytt mykje når me ber. Det er så mykje me vil ha og treng, og så ropar me til Gud om det. Du har høyrt mange slike rop i alle år. Men me gløymer ofte å takka for at det em fekk, og me liknar meir på dei ni spedalske enn på den eine som takka deg Jesus.

.

I dag vil du læra oss dette: Å prisa deg for frelsa og alle bønesvar sjølv om eg ikkje ser dei ennå. Du har jo lova å svara. Takk for alt eg og våre har fått i livet. Du var så god og sparde oss for mange vonde ting og ulukker. Nå ser me at du heldt di hand over oss kvar dag.

.

Og så vil eg be om tilgjeving for at eg har takka så lite og tok mykje som sjølvsagt. Nei, det var dine nådegåver alt saman. Og i din himmel skal eg læra meir om det og takka deg fullt ut for alle ting. Amen.

.

23.11.

Gode Gud.

.

Job seier i si liding og naud: ”Gjev mi bøn vart høyrd og Gud ville oppfylla mi von,” Job 6, 8. Lidinga er tung og stor, og han veit ikkje om at han har gjort Gud imot så han skulle fortena noko slikt – meir enn andre. Men han set si lit til Gud og ber om hans hjelp.

.

Han har nok bede mange gonger og intenst om dette: at han må bli fri og frisk og alt bli som før.

.

Slik har sikkert mange andre Guds born også sukka til sin Gud. Nokre såg aldri det svar dei ynskte. Ja, få fekk det vel slik dei sjølv ville. Og eg veit at du vil det ebste og gjer det som tenar di sak og oss best. Men me skjønar så lite av det.

.

Vil du tilgi dette også. Men du har gitt oss lov til å be, sjølv om me ikkje skjønar alt så godt og me ber uviseleg. Vil du reinsa bøna til velbehag for deg og svara etter din vilje? Eg vil bøya meg for det i dag og. Amen.

.

24.11.

Gode Frelsar.

.

Då Job fekk att alt det han hadde tapt i trengsla, audmjuka han seg endå ein gong, og Herren går i rette med venene hans. Han seier om Job: ” Og Job, tenaren min, skal be for dykk, - berre hans bøner vil eg høyra, så eg ikkje gjer med dykk etter vitløysa dykkar. For de har ikkje tala rett om meg, slik som Job, tenaren min,” Job 42, 8.

.

Her er nemnt fleire fine ting. Du Gud seier at Job skal be for venene – det er rein framtid og ikkje påbod: Han kjem til å be for dei. Sjølv kunne dei ikkje be rett.

.

Berre Job si bøn ville du høyra. Han var trass alt rettferdig og tok si tilflukt til deg, Herre. Andre sine bøner høyrer du ikkje til vanleg. Måtte me vera slik som Job at du kunne høyra og svara, at ikkje noko hjå meg stengde for deg.

.

Her hadde Job sine bøner stor verknad. Då ville ikkje du øydeleggja venene, står det i LXX (den greske omsetjinga av Det gamle Testamentet frå før Kr.). Det er å gjera med dei etter vitløysa deira.

.

Vil du også høyra mine hjartebøner i dag? Du ser kva eg treng og kva eg ropar om.

Herre, høyr i din nåde. Amen.

.

25.11.

Kjære Gud.

.

Du bad Job sine tre vener om å ofra brennoffer for sine synder – dei skulle gå til Job og ofra der. Han skulle vel sjå at dei gjorde dette og slik var lydig mot deg, Gud. Og dei gjorde det. Og herren høyrde bøna åt Job, Job 42, 9.

.

Der det er ein angrande syndar som går din veg, der høyrer du. Der opnast det veg for ditt rike.

.

Og så står det: ”Då Job bad for venene sine, gjorde Herren ende på ulukka hans,” v. 10. Det var bønesvar.

.

Han fekk til og med dobbelt att av det han hadde hatt før. Dette var eit fullgodt prov på hans omvending, seier fortolkaren Dächsel. Han viste at han hadde tilgjeve dei som gjekk så hardt imot han.

.

Det kan sume tider vera vanskeleg for vår natur å gjera det, men det var faktisk betingelsen for at han sjølv skulle få det godt vidare. Men han såg altså at dei ville gå Guds veg. Då er det lett å tilgi når me sjølve er tilgjevne.

.

Hjelp meg, Gud, til å ha dette sinn mot dei som har såra meg og gjort det eg tykte var galt. Eg vil ikkje bera på noko vondt mot noko menneske. Amen.

.

26.11.

Herre.

.

David var i stor naud ytre sett, og han ber om vern mot fiendane: ”Når eg ropar, så svar meg, du Gud, som er mi rettferd. I trengsle har du gjort rom for meg. Ver meg nådig, høyr mi bøn.” Aalme 4, 2.

.

Me kan koma i mange slags trengsle, og me veit ofte ikkje vegen ut. Det kan vera indre eller ytre naud. Og det kan kjennast som stor naud same kva årsaka er eller måten det skjer på.

.

Då kan me ropa til deg, Herre. Du er også vår rettferd. Eg byggjer ikkje min kristendom på meg sjølv, men på deg og ditt verk. Så får eg tru at du har kledd meg i di fullkomne rettferd. Eg får stå ”ren og rettferdig, himmelen verdig” i dag. Og då er det ingen ting der som kan og skal hindra mi bøn hjå deg.

.

Som David kan eg be også om den nåde at du høyrer min bøn. Det har eg ikkje i meg sjølv krav på. Vis nåde, Gud, og høyr bøneropet. Du drøyer med svar somme gonger, og eg treng tru for å halda fast på at du høyrer når eg ikkje ser.

.

Så går eg i tru til deg også nå, i tru på at du høyrer og svarar når den rette tida kjem. Takk, Herre. Amen.

.

27.11.

Gode Gud.

.

David skreiv mykje om si bøn, t.d. i Salme 6, 10: ”Herre, høyr kor eg tryglar, Herren vil ta imot mi bøn.”

.

Han ber intenst, ofte og inntrengande. Det tyder vel ordet ”tryglar” her. Han ber om at Gud må høyra det – og svara. Det er jo difor me ber.

.

Det kan mest sjå ut som at han tvilar av og til. Difor held han fram og stadig tryglar. Ordet står i nåtid (presens) og tyder noko som ikkje er ferdig. Han held på med bøna heile tida.

.

Men så kjem trua fram: Herren vil ta imot bøna, seier han. Det er tru og von og visse. Det er ikkje fåfengt å be. Elles hadde han ikkje bede meg og alle andre om å nytta denne kanalen opp til himmelen. Gud held meg ikkje for narr, han meiner alt han seier.

.

Slik er ofte mi bøn, Gud. Det vert ei blanding av tru og tvil. Men difor må eg få koma til deg i dag som før, og leggja all mi sut fram for deg. Og innerst inne trur eg at du høyrer ropet mitt. Men, Gud, hjelp mi vantru. Amen.

.

28.11.

Jesus!

.

David skriv slik i Salme 17, 1: ”Herre, høyr på ei rettferdig sak, lytt til mi klage. Vend øyra til mi bøn, ho kjem frå lepper utan svik.”

.

David meiner han har og ber om ei rettferdig sak. Det er hans klage. Og då må vel Gud svara.

.

Han seier til og med: Bøna kjem frå lepper utan svik. Han prøver ikkje å lura til seg goder eller få noko ved løgn og fusk. Han er viss om at han ber etter Guds vilje.

.

Så skal eg få tru eg blir reinsa i ditt blod og kan be på det grunnlaget. Så hjelp meg alltid å vera sann i all mi ferd. Det er ei viktig bøn for meg.

.

Eg har også mykje i mitt liv som eg må klaga over. Eg treng ikkje gå til andre for å finna feil. Det har eg nok av hjå meg sjølv. Her er svikt mange stader, i tankar og gjerningar, i ord og motiv for det eg gjer. Nå må eg få leggja det over på det Jesus. Eg har lest og tru det er sant at du døydde for desse syndene mine. Dei var alle med i di forsoning.

.

Nå ber eg om nåde på ny og forlating for alt, så eg kan gå frimodig fram i livet. Amen.

.

29.11.

Frelsar!

.

Salme 20 inneheld eit stort ynskje av David. Det er ei bøn om at andre må bli bønhøyrd – kanskje særleg Israel: ”Gjev Herren må bønhøyra deg den dagen du er i naud,” v. 2. Og i v. 10: ”Kongen bønhøyre oss den dagen vi ropar.”

.

Slik tenkjer nok alt Guds folk når me ber. Me vil bli bønhøyrd og ventar på svar.

.

I livet kan det bli mange spørsmål og mykje naud. Livet vårt møter så mange ting, og me kan slett ikkje løysa alt sjølv. Ja, ingen ting står eigentleg i vår makt. Me må ropa til Gud og kasta all vår sorg på han. Og me ber: Herre, høyr og svar.

.

Eg har hatt det godt på mange måtar og takkar deg for alt dette i livet vårt. Nå ber eg om frelse for alle våre, og for folk utover landet og heile verda. Bøna er stor, men eg ynskjer at alle må bli frelst. Og det er også din vilje, min Frelsar. Det var jo difor du kom til jord.

.

Så stig ned til oss, med bønesvar og eit sterkt kall til alle i vår slekt og utover. I ditt namn. Amen.

.

30.11.

Kjære Herre Jesus Kristus.

.

Salme 22 er di bøn, Jesus, då du hang på krossen. Dette finn me att langfredag. Eit stykke ut i denne bøna seier du: ”Frels meg frå løvegapet, og få horna frå villoksen – du bønhøyrer meg!” v. 22.

.

Elles er heile salma eit einaste langt rop frå deg om berging. Du er ved helvetes port og skal betala all verda si synd. Mennesket i deg grudde seg for det og bad om frelse. Her seier du rett ut: Høyr mi bøn.

.

Du visste kva det ville seia å gå fortapt, og bli eit bytte for den brølande løva. Det var djevelen sjølv du kjempa mot. Å bli teken av han var det verste som kunne henda. Då var det inga berging meir.

.

Og om du gjekk fortapt, ville ingen av oss bli frelste. Heile Slekta og skaparverket var tapt for alltid. Difor er det eit evig alvor i ditt rop: Frels meg. Du bad ikkje for deg sjølv eigentleg, du ber om at me og skal verta frelste frå fortapinga.

.

Din Far høyrde bøna og reiste deg opp att tredje dagen – du viste deg som sigerherre over alle makter, og opna ein ny og levande veg inn bak forhenget – inn i din sæle himmel. Takk, takk i evighet. Amen.

.

Ingen kommentarer: