torsdag 2. oktober 2008

6. Januar.

6. jan. Arbeidarkonene.

I dag vil eg be for konene til arbeidarane – og elles for alle kristne kvinner. Dei som sit heime, har eit eige kall – til å vera gudfryktige og nøysame i heimen og ute. Hjelp oss alle til det, Gud, og særleg konene som ofte må sjå på økonomien når dei skal få alt i hus. Vis dei, Herre, at det kan bli farleg å lytta til alt kvinnesaksprat og kjempa sin kamp der og.

Du må læra oss alle å sjå og fylgja dine retningsliner i Ordet ditt. Så må du hjelpa oss alle til å vera små og audmjuke. Hjelp dei som før har vore undertrykte å verta freidige når det går godt. Du Herre ser betre enn eg at ikkje alt arbeid for kvinnesaka har vore og er prega av din Ånd.

Herre, vil du leia alle norske kvinner på rett veg. Dei er ein god nøkkel i heim og samfunnsliv. Nå ber eg for dei. Først at kvinnene går føre i å søkja Gud. Slik har det vore før og. Det var mest kvinner som me fann på møta og i foreining. Kan du la di vekking ta til med dei nå og? I alle høve må dei bli frelste for himmelen.

Så må du læra dei å bera fram sine bøner. Lat dei sjå underet i eit lite menneske, ein Guds skapning. Og lat dei vinna borna for himmelen. Amen.

Ingen kommentarer: