søndag 5. oktober 2008

12. Januar.

12. jan.

”Du som er i himmelen.” Slik bad du til din Far. Og slik sa du at me skulle be. For slik står det i bøna di. Og den skal me få be nå. Me får ropa til Far som er i himmelen, og alt det han gir er himmelsk.

.

Når eg ber om din velsignelse i dag over oss sjølve her i vår heim og på møta me skal gå på, så ber eg om litt Av himmelen. Eg ber om at ein flik av din herlege bustad skal senka seg ned over hjarto med kall til frelse og helging. Vil du uroa sjelene ved Anden så dei søkjer deg. Du har makt til det, du som eig det himmelske riket, og du kan gi oss del i noko av det. Det ber eg om nå, Herre.


Og så vil du ta oss som trur på deg heim til din himmel ein dag. Du har ordna ein plass til ditt folk i dei evige bustader. Me skjønar ikkje dette med tanken vår, men me trur det for Ordet seier det er slik. Takk for at du har vist meg at livet er meir enn mat og jordiske ting.


Takk for at du har løfta tanke og syn opp mot høgdene og dei evige år hjå deg. Eg ber nå om at eg blir bevart på den vegen og det stykke eg har att. Du må ta meg heim når mi tid er over her. Amen.

Ingen kommentarer: