lørdag 4. oktober 2008

10. januar.

10. jan.

I dag vil eg berre takka. Gud har vore så uendeleg god mot meg. Heile livet har eg vore i Guds hand, han har beskytta meg og gitt meg alt. Men, Herre, du veit såm vel om alt og kljem med dine gaver til oss fattige syndarar.

Eg vil takka for helsa. Det set eg meir pris på ettersom åra går. Og du har gitt meg det eg treng her. Så får eg gå vidare i tillit til at du framleis er med.

Takk for økonomien til i dag. Aldri mangla me noko om du lærde oss å vera varsame. Det vil du framleis visa oss. Men takk for at me får setja all vår lit til deg.

Du skal og ha takk for ektemake og familie som eg fekk. Du leda våre vegar slik at me møttest. Og takk for alle dei i slekta som lever med deg og at me deler kallet til teneste i lag. Me fekk kvar vår måte å tena på, men du er Herre som deler ut oppgåver etter din vilje. Så takk igjen. Må du styrka oss alle i trua og gi oss meir tryggleik i deg: at du alltid er med oss. Takk for tenesta eg fekk desse åra. Tilgi igjen for sløvhet og lite iver og truskap. Men takk for nåden over alt dette.

Ingen kommentarer: