mandag 6. oktober 2008

27. Januar.

27. jan.

I dag vil igjen be for Kina. Det er eit stort og vidstrakt land. Og her er mykje folk, om lag 1, 3 milliard der dei fleste ikkje kjenner deg, Herre. Du har skapt dei og elskar dei høgt, like mykje som meg. Og det er audmjukande å vita at eg ikkje er noko meir enn andre folk, og dei har like stor rett til evangeliet og frelsa som eg.

.

Nå vil eg be for dei at du må få nå dei med ditt ord.

.

Og særleg vil eg be for områda i Henan og Hubei der eg fekk reisa i år 2000 der Kinamisjonen hadde sitt første arbeid ein gong. Gode Gud, vil du velsigna ditt folk der og særleg dine vitne, at dei må halda ut og hya ein klår bodskap til folket.

.

Velsigna pastor Li i Zhenping og pastor Ai i Laohekou, om dei framleis lever – og etterfylgjarane deira. Vil du og ta deg av 2. pastoren i Laohekou og dei kvinnene som er pastorar og medarbeidarar der.

.

Alle dei kristne i byane – dei me møtte anten det var mange eller få me såg. Me veit der er mange fleire. Nokre lever i det skjulte og andre kjem ope fram på møta. Gode Gud, nå ber eg om rik velsigning over dei alle.

.

Unge og gamle i kvar by og grend: Kan du senda dei vekkingsanden med kraft over dei og hausta inn mange sjeler for himmelen. Send nye tider over Kina og også over vårt eige land. Du, kor me treng det nå. Lat nokon bli frelste her i landet og i vår bygd. Amen.

Ingen kommentarer: