fredag 3. oktober 2008

7. januar.

7. jan.

I dag vil eg takka for og be for alle misjonsforeiningane i landet vårt. Dei har vore ein bærebjelke i alt misjonsarbeid i lang tid. Dei har samlast trufast i alle år til bøn, arbeid og offer. Ved dette heldt dei interessa for misjonen levande i seg sjølv, ofte i familie og slekt og ute i bygda. Alle visste at dei arbeidde for misjonen og ikkje for andre, som Røde Kors eller Saniteten – om dette også er gode ting. Men misjonen var noko ekstra, den hadde ein ny dimensjon.

Nå vil eg få be for desse kvinnene og dei få mennene at lyset og vitnemålet må vera levande ennå ei tid. Lat ikkje foreiningane bli pratelag med verdsleg snakk og kanskje sladder. Lat leiarane og medlemmene få ein himmelsk luftning over seg. Då kan det bli til styrke og kraft for deira eigne sjeler og bli små og store misjonsstasjonar kring i landet.

Herre, kan du tenna vekkingselden i folket på denne måten. Du veit det. Me legg det alt i di hand. Lær oss å leva i din vilje og kraft og send oss eit godt år åndeleg tala. Amen.

Ingen kommentarer: