søndag 5. oktober 2008

20. Januar.

20. jan.

I dag vil eg be for alle menn. Det er mange menn som ikkje tru r på deg, Gud. Og eg vil be om at du herre vil nå dei med din Ande og Ordet. Du må bøye dei, Gud. Det ser ut til at menn er vanskelege å nå med evangeliet. Du må kanskje bruka sterke midler for å omvenda dei.

.

Herre, vil du stryka alle truande menn så me kan bli gode vitne om deg både for menn og kvinner. Og send ei sterk ånd og eit kraftig kall til mennene i Noreg.

.

Mannen er ikkje så lett å vinna for deg, Herre. Me trur ofte at me er så sterke og greier sakene sjølv. Og mange menn har tankar om at dei veit så mykje og skjønar alt så godt. Difor må eg få be om at du bryt ned noko av sjølvtilliten hjå mannen. Lat han få sjå at han er liten framfor deg, Gud.

.

Me har noko stort i oss som ikkje lett vil bøya seg for deg. Men me takkar for kvar mann som ser at dei må gjera det. Og takk for kvar sterk mann som du fekk din vilje med og som du fekk bruka. Ennå kan du bruka nokon om dei kjem til deg og lar din vilje skje. Amen.

.

Ingen kommentarer: