søndag 5. oktober 2008

17. Januar.

17. jan.

I bøna du lærde oss står det også slik: Lat viljen din råda. Det var du som sa det slik, Jesus. Og det var Guds vilje du meinte. Og nå gjer deg den bøna til mi. Og eg ber den først for meg sjølv. Som oftast er det jo min vilje som råpr i livet mitt. Og då går det alltid galt. For eg forstår ikkje kva som er best.

.

Difor ber eg nå djupt og inderleg at DIN vilje må koma inn i resten av livet mitt. At den må få råda, verkeleg og sant. For berre då blir livet godt og rett. Du har jo oversyn over det som skjer alle stader.

.

Så vil eg be om at din vilje må skje på møter som er i kveld. Kunne du frelsa nokon i dag så dei fekk leva det nye livet i deg. Og eg be for alle møte kring i landet denne dagen. Det er ei svær bøn, men den er ikkje for stor for deg. Og eg ber for alle møter eg sjølv får vera med på: Kunne du leggja di gode Ånd over folket og senda eit sterkt kall mellom oss.

.

Herre Gud i Himmelen. Du har all makt. Vil du koma ned og gripa inn med di Ånd til vekking og åndeleg liv. For då skjer din vilje.

.

Takk for alle dei du kan bruka. Kan du også bruka meg og alle andre vanlege folk, er det stor nåde. Eg legg det over i dine hender. Velsign oss med vekkelse over land og folk. Og takk for din nåde. Amen.

Ingen kommentarer: