mandag 6. oktober 2008

26. januar.

26. jan.

”Men frels meg frå det vonde,” lærte du oss også å be. Slik må eg be i dag. Og denne bøna treng eg å be så inderleg eg kan.

Det er mykje vondt i verda. Det ser eg alle stader, i aviser, på TV, blader, radio – og i samfunnet kring meg.

Men eg ser nok styggedomen styggast i mitt eige sinn og hjarta. Der bur synda. I historia har det og vore mykje synd. Det er eit mirakel at du Gud kan tåla dette, at du har oversett det i alle dei tusener av år. Du har sett mykje synd og vondt, Gud. Og alt var mot din vilje og bod.

.

Nå vil eg be deg i dag om frelse frå alt dette. Då kjenner eg først trong til å takka deg for at du har frelst og berga meg frå så mykje ytre vondt. Vår familie har vorte spart mykje. Du har vore god.

.

Det var nåde å ha eit så godt liv – også når eg samanliknar livet vårt med andre. Men så vil eg be at du frelser meg frå det i denne tida og i dei åra me får leva vidare i lag. Tilgi alt det gale eg har gjort og berg meg frå fall og synder som eg kan møta framover. Du veit det. Så får eg takka igjen – for frelse i ditt blod. Amen.

Ingen kommentarer: