mandag 6. oktober 2008

24. Januar.

24. jan.

I bøna la du til eit viktig uttrykk: ”Som me óg forlet våre skuldmenn.” Slik ber eg i dag. Eg veit at eg aldri levd slik eg skulle korkje for Gud eller menneske. Difor kjem eg alltid i skuld til mine medmenneske og til deg.

Somme gonger veit eg om syndene mine og kven eg har gjort galt imot. Men ofte ser eg det ikkje. I uforstand og tankeløyse er eg ofte slik at andre forstår det feil og tek det galt opp sjølv om eg ikkje meinte det slik. Men det er likevel mi skuld.

.

Difor har eg mykje å be om tilgjeving for her også. Vil du stryka ut skuld og brot både mot menneske og Deg. Og så ber eg om mykje hjelp til sjølv å tilgi dei som er slik mot meg. Hjelp meg å ta alt opp i beste meining og gløyma det leie og vonde eg møtte og opplevde på vegen.

.

Eg må vera raus mot andre, eg ser kor raus du har vore mot ein syndar som meg. Sjølv treng eg mykje nåde og då vil eg også vera raus mot menneske som kanskje ikkje meinte det vondt, men likevel kom til å gjera meg vondt.

.

Så takk for nåde og frelse i dag, og takk for all hjelp du har gjeve meg og som eg trur du vil gi i framtida også. Amen.

Ingen kommentarer: