søndag 5. oktober 2008

11. Januar.

11. jan.

Fader vår! Slik lærde du oss å be. Mat. 6, 9. To gonger står bøna i Bibelen. Mjed dette ville du vel seia at me kristne skulle få gå til den Allmektige Gud som til ein far. Me skulle få gå med full tillit og tru at han alltid var der for oss. At han tar imot oss, har tid til å lytta til våre rop, klage og naud. Som ein far har du hjelp og berging for alt som møter oss. Takk skal du ha, Gode Gud. Det har du vist med Israels folk i GT og det nye paktsfolket i NT så mange gonger.


Og nå kjem eg til deg igjen. Eg vil få leggja alle mine tankar framform deg. Mange av dei seier eg ikkje til eit einaste menneske på jord. Men du kjenner dei. Nokre av dei meiner eg, andre er berre ”innskytelser” som kjem uanmeldt. Nå ber eg om at du reinsar ut aølt som ikkje er av deg, og at du skaper eit reint og rett sinn i meg.


Du sa også ”vår” far. Eg er ikkje aleine som din her i verda. Takk for alle dei du fekk frelsa her på jord, dei som eg møtte og dei mange ukjende. Dei er dine og mine søsken og vener. Vil du vara meg og alt Guds folk og vinna nye.


Når du sa ”Vår far” får eg og gå til Gud på same måte som du Herre Frelsar. Du hadde tillitt til han og bøygde din menneskelege vilje under hans Gudsvilje. Kan du læra meg og alle truande det same? Me vil så gjerne, men kjøtet vil helst ikkje bøya seg for deg. Men nå legg eg meg på ditt altar. Amen.

Ingen kommentarer: