søndag 5. oktober 2008

15. Januar.

15. jan.

I dag vil eg og be denne bøna: Lat rike ditt koma. Det er jo ditt rike og ditt folk det gjeld, Gud. Men her er så mange andre rike i denne verda. Framom alt ottast eg Antikrist sitt rike når det kjem på jord. Det har som mål å rasera Guds rike i samfunnet og i alle hjarto.


Nå ber eg for heile verda – at du Herre må få makt mellom oss og senda sterke vekkingar ut over jorda. Gud, det må ennå vera tid så folk kan vinnast for deg. Eg veit at ingen kan stoppa det store frafallet. Det må koma, har du sagt i Ordet. Antikrist vil vera her ein dag, og det blir ei forferdeleg tid.


Men Jesus, kan du berga nokon fleire før det kjem og kanskje i den store trengselstida og. Og så vågar eg å be at du må vera skånsam med oss, med vår slekt og vårt folk når det kjem. Det er nåde frå deg, men eg ber om nåde for oss. For eg trur det blir eit redselsregime som verda aldri har sett maken til.


Og eg er så redd at me ikkje er rusta til å gå gjennom den. Kan me klara å stå imot eit slikt åtak? Herre, vil du berga kona og meg frå det, og vår næraste slekt. Og mange andre svake kristne her og utover jorda vil eg be for.


Men før det kjem, lat riket ditt koma med makt i mange hjarto! Amen.

Ingen kommentarer: