søndag 5. oktober 2008

18. Januar.

18. jan.

Som i himmelen. Ja, slik står det i bøna du lærde oss. Din vilje rår der oppe. Kven tvilar vel på det? Det er ditt fullkomne rike der synda ikkje har plass og tilgang. Englane tilber og lovar ditt heilage namn. Dei er dine lydige tenarar i alle ting. Du høyrer ingen dissonans i koret deira.

.

Tenk om me kunne få litt av dette himmelske her nede på jorda. Eg vil få be om det nå. Lat oss få meir forsmak på himmelgleda og herlegdomen hjå deg.

.

Det blir nok berre svake tonar her, for det er så mykje som vil øydeleggja. Kva vil du gjera med all den verdslege kristendom me ser nå – i song og tale og livsstil. Det gjeld visst både unge og eldre. Og nå gjeld det ikkje dei som fell i synd mot sin vilje. Men me ser med sorg kristne som syndar mot dine bod og ord med vitande og vilje.

.

Er det me gamle som har feil, og at det MÅ vera slik i framtida? Herre, vis oss det og. Lat oss få vera rette himmelkristne. Me vil så gjerne det. Det er målet eg lengtar mot og arbeidar for. Kan du lata oss få ein større flik av hiummelen her ned. Og me takkar av heile hjarta. Amen.

.

Ingen kommentarer: