søndag 5. oktober 2008

19. Januar.

19. jan.

Bøna du lærde oss held fram med dette: Slik og på jorda.

.

Du bad oss om å be om at din vilje skulle skje her hjå oss på jorda – på same måte som i himmelen! Det er bøna i dag. Det var eit høgt mål. Kan det gå an? Også nå i denne syndige tida og verda?

.

Dei som styrer skal vera med som Guds tenarar her, og difor ber eg om alle som har eit slikt ansvar i ditt rike. Me må leva i Guds ord og vilje i alt og få syner til å sjå rett i alle saker.

.

Og kvar kristen på jord er dine tenarar, Herre, og skal gjera din vilje på jorda. Kor em har feila her, og kor lite eg har gjort for deg. Eg vil gjerne at din vilje skal skje, for eg veit det er best. Men det kostar ofte så mykje, Gud, å la deg styra.

.

Vil du tilgje meg her og – og hjelpa meg kvar dag til å leva betre som ein kristen. Eg tykkjer eg forstår så lite av din vilje, i dei daglege småting så vel som dei store. Difor ber eg om visdom og opplysning. Me skal leva rett og sant etter ordet ditt. Me skal vitna om deg i kvardagen, men korleis?

.

Me gjer ikkje dette for å bli kristne. Du har frelst oss av nåde for Jesu skuld. Du vil likevel at me skal vera sanne som dine born. Det har du sagt. Å, Gud, gi hjarta mitt opplyste augo så eg ser dette betre, og vilje til å gjera di gjerning. Lat vilje din råde i meg og ved meg til æra for deg. Amen.

Ingen kommentarer: