søndag 5. oktober 2008

14. Januar.

14. jan.

I bøna di sa du me også skulle be slik: ”Lat riket ditt koma.” Tenk på det, me skal få be at ditt himmelske rike må koma ned over vår bygd og vårt land. Og ditt rike er så stort og godt at det skulle vore i kvar ein krok i denne verda.

Men synd ahar jaga det bort. Mange stader er det difor meir eit djevelens rike enn eit godt Guds rike. Nå ber eg av hjarta om at ditt gode himmelske rike alltid må vera i vår heim. Då er det så trygt og rikt å leva. Og så må det også koma til familiane våre. Der er det ennå mange som står utafor ditt rike og samfunn.

Kan du dra dei inn i din famn ved Anden og Ordet og dine vitne på jorda. Det ber eg om i Jesu namn.

Men eg ber også om at det må skje på møta våre, om det er råd. Kan du stella med bedehusformenn og styrer og organisasjonskontaktar og kvar predikant slik at ingen av oss hindrar ditt rike. Lat oss få lov å leva og vera slik at me kan vera med å berga nokon. Det er ei inderleg bøn og djup trong i hjarta mitt. Lat det og vera slik på møta i kveld. Lat alle som skal fram få vera dine reiskapar. Salva vitnemåla og tale. Så takkar eg for alt i dag, at du alltid er med. Amen.

Ingen kommentarer: