mandag 6. oktober 2008

28. Januar.

28. jan.

”For riket er ditt,” står det i bøna di nå. Det er Guds rike, kristendommen, kyrkjelydane og bedehusa. Me eig ikkje dette. Det er ikkje vårt.

.

Tilgi meg Gud i himmelen, om og når eg har tenkt slik. For du er suveren i alt, og alt høyrer deg til. Det vil eg tenkja på i dag.

.

Og det er godt. Utruleg godt, For det som er ditt, tek du ansvar for og steller med og sørgjer for til alle tider. Eigentleg er det avslappande å vita at det kristne riket på jord er ditt, Herre. Heilt og fullt ditt i alle delar.

.

Så er det overordna ansvaret ditt og ikkje mitt. Det gjeld både når det går godt og når alt strittar imot. Det vil eg prisa og takka deg for. Det eg har, er vel då berre delegert. Du har lete meg få litt – til låns. Av nåde er det óg.

.

Så må eg be om at det du gir meg å gjera i din vingard, at eg gjer det rett og skikkeleg etter din vilje. Og når det er ditt arbeid, er heile æra også di. Eg skal ikkje ha noko av det. For ditt er riket. Amen.

Ingen kommentarer: