mandag 6. oktober 2008

31. Januar.

31. jan.

I dag vil eg også be for møteverksemda i landet og distriktet vårt. Og bøna gjeld fleire ting. Me be at det må bli godt og velsigna mellom dei truande, at både talarar og møtelyd må få kjenna at du verkeleg er der, og at du er med oss slik du har lova.

.

Du veit folk ”krev” kanskje mykje av forkynnarane nå, nokre stader meir enn andre plassar. Og det er godt óg, på same tid som det er skremmande for oss som talar. Kan me gjera det slik at dei får noko, dei som har høyrt veldig mykje før?

.

For mange vil ha noko frå Guds ord, og ikkje berre sitja der og høyra historier og forteljingar eller fin musikk og song. Møta er ikkje tidtrøytte, dei er møte med Deg, Gud. Og då blir det alvor å tala Ordet ditt. Hjelp alle truande til å vera Berøa-kristne som granskar i Skriftene.

.

Men eg ber også om at ufrelste må koma til møta. Me har fått den trongen at nokon må bli berga før du kjem att. Men me veit vel at me ikkje kan gjera noko av oss sjølve. Det må vera din Ande som gjer verket. Det er difor me legg alt i di hand og ber så inderleg me kan: Ånd fra himlen kom med nåde, kom med lys og kraft her ned! Amen.

Ingen kommentarer: