mandag 6. oktober 2008

23. Januar.

23. jan.

”Og forlat oss vår skuld.” Dette er visst den største bøna eg kan be. For eg har sett noko av mi skuld på grunn av alle synder i livet. Dei finn eg av alle slag, synder som eg aldri skulle ha gjort. Det er tankar, ord og handlingar, og alt det eg forsømte i livet, motiv og alle slags sjelesjukdomar.

.

Herre, igjen må eg be om nåde, tilgjeving og full reinsing. For eg ser dette svarte i sjela i dag, det er ikkje borte. På ein måte hopar eg opp skuld kvart sekund. Difor ber eg: Forlat meg alle synder. Tilgjev og reins meg.

.

Eg veit det er nåde alt. Men eg kjenner skulda i sjel og hjarta som før. Du har betalt og reinsa og gjort opp. Eg kan berre takka og prisa ditt namn.

.

Tenk, eg får reisa meg opp i visse om at ”Ordet forkynner at mine synder kommer du aldri mer i hu”. Takk, takk for frelsa.

.

Det er det største i livet mitt. Amen.

Ingen kommentarer: