søndag 5. oktober 2008

22. Januar.

22. jan.

I bøna du lærde oss har me i dag ei bøn om svært jordiske ting: Gjev oss i dag vårt daglege brød. Hjelp oss først om å be bordbøn og takka deg for alt me får. Og denne bøna lærer meg at alt eg har og får er nåde. Det er altså ei fri gåve frå deg, Herre.

.

Me arbeider for det daglege brød, og mange strevar mykje for det. Me har så lett for å meina og tru at me fortener det og har gjort alt sjølv.

.

Og nå viser du meg i denne bøna at me eigentleg må be deg om maten også. For alt er jo ditt. Du er alle gode gavers gjevar. Og det vil eg takka deg for i dag og prisa ditt heilage namn. Du tenkjer også på dei små og dei minste ting for oss.

.

For i dette ordet ”det daglege brød” må alt det me treng liggja. Ikkje luksus og overflod gir du, men det eit vanleg menneske treng for livet. Så skal eg få be om det. Og når du gir meg litt overflod, er det ei ekstra gåve – det skal du og ha takk for.

.

Det er mange som lir og ikkje har nok til mat og livsopphald i dag i den fattige del av verda. Herre, vil du vera der og, og hjelpa dei i nauda. Så lærer du oss å dela med andre. Lær dei rike også det, slik Ordet ditt seier i Jakobs brev. – Takk for alt eg har fått i dag. Amen.

Ingen kommentarer: