lørdag 4. oktober 2008

8. januar

8. jan.

Kjære Gud, kan eg få be for bibel-og misjonsskulane i dag. Og då be eg ikkje berre for ein organisasjon eller kyrkje, men alle i landet vårt. Du allmektige Far, du kan stiga inn der meir enn før, utrusta kvar ein til det dei skal. Lærarane treng det og for å dela ut Guds ord på rett måte til andre. Vil du opplysa dei og gjera dei så små at dei bøyer seg for Ordet ditt. Og alle elevar og studentar det same. Nå legg eg dei i dine sterke hender.

Gode Gud, vil du bøya dei unge innfor deg nå, vis dei synda så det blir eit verkeleg problem for die, så dei treng ein nådig Gud. Eg føler at mange unge nå viser seg så tøffe og ovanpå i åndelege så vel som i timelege spørsmål. Nå ber eg om at skulane våre først må vera rette misjonsstasjonar der unge menneske får møta deg dag etter dag. Dei må få sjå si synd og skuld for deg, og så få utløysinga i ditt blod, Herre. Me treng ein ungdom som er hjå deg i si erfaring, ikkje berre i kunnskap og teori. . Nå ber eg, gode Gud, om at du grip inn i skulane våre – og andre sine – og gjer ditt verk.

Me var heller ikkje som me skulle i unge år og har ikkje noko å rosa oss av. Men, Herre, kan du skapa ein ny generasjon av levande og brennande ungdomar som vitnar rett om deg. Amen.

Ingen kommentarer: