lørdag 4. oktober 2008

9. Januar.

9. jan.

Herre, i dag må eg få be for småmøta rundt \om i landet vårt. Det samlast ikkje så mange, kanskje, og predikanten er utrygg på kva han skal seia og tala om. Somme talarar har kanskje større forsamlingar, men det opnar seg ikkje. Det skjer ikkje noko synleg. Herre, vil du la vekkinga bryta ut i nye bygder og byar nå. Alle, alle må se - -

.

Difor spør eg audmjukt i dag om du vil stiga inn i store og små bedehus med di ånd desse dagane. Eg veit at eg ikkje kan gjera noko av meg sjølv. Heile livet mitt er prov på det. Men eg frydar meg over vekking kor det er. Vil du også bruka slike små stakkarar som ikkje føler oss så kompetente til dette arbeidet?

Eg veit det er nåde over nåde. Du treng gode reiskap til dette. Likevel kan du bruka dei som er små og. Vil du reinsa meg og andre vanlege predikantar og bruka dei du kan. Om du må tukta oss ofte, bøyer eg meg for det. Men gi mykje nåde og kraft til ditt eige arbeid i landet vårt. Eg ber om rette tekstar og visdom til å tala på rett måte der eg fer. Og det same ber eg om for alle andre forkynnarar. Gi folket opne augo og lyttande hjarto. Det er det berre du som kan.

Amen.

Ingen kommentarer: